onsdag 27. mai 2015

Volda-Oslo-Sarpsborg-Oslo-Volda svipptur

Tirsdag var eg en svipptur til Sarpsborg. Det vil seie at eg tok bussen Mandag kveld kl 22, og var framme ca 0630 i Oslo. Deretter venta eg i Oslo til 0905 då eg tok bussen vidare til Sarpsborg, som tar ca 1,5 time. So var eg der og jobba på gruppeoppgåva vår der, før eg tok bussen frå Sarpsborg 2010, var i Oslo 2140 og tok bussen til Volda 2200. Framme i Volda Onsdags morgen kl 0645. Ingenting å seie på villigheten når det gjelde å delta på gruppemøter i alle fall! Nettbuss tjente en del på meg desse dagane ja!

Det var uten tvil verdt 21 tima på buss, for vi vart ferdige! No skal vi møtes en gang til der vi skal levere oppgava og kose oss etter det. Eg er komt på ei veldig hyggelig gruppe der vi kjem godt overens heile gjengen, nåke som ofte ikkje går so bra.

Desse øyredobbane lagde eg til ho eine på gruppa, som jobbar med musikk på si. Ho er ikkje av typen som bruka masse smykker, men eg tenkte at kanskje desse kunne ho bruke på premierer og sånn om ho vil. Kjekt å lage desse, men eg gjorde om en del på oppskrifta for å få dei fin i forma. Desse er og stiva skikkelig med lim so dei held på fasongen.


Solnedgang i Oslo på veg til Volda igjen.


Bussvandt helsing Sunniva

Flytting, nupereller og pus.

Prøva meg på nye mønster, og det er kjekt når dei går i orden. Her er same som gerilljasmykket, men med tre i staden for fire "kantar". Då vart det en "innoversving" på den. Dette mønsteret kan nok brukast som en stemorsblomst-øyredobb, eg må berre ha dei riktige fargane...


Her er et lite smykke eg lagde. Legg merke til at perlerfargen er det same som på øyredobbane, det er veldig fin turiksfarge som eg måtte prøve ut. Går veldig fint med svart. Perla huska eg ikkje heilt kvar eg fekk tak i, bare at eg har hatt den lenge. Tatt av et smykke eg gikk lei kanskje? Blomsten er stjåle frå ei tre, trur det er Hegg.


No har eg flytta til det fagre Vestland, nærmare bestemt Volda på Sunnmøre. Kjekt! Vånka med pus sånn i senga etter fyste natta, so det var tydeligvis greit å ha meg der.


I tillegg vil ho ha nåke å seie når det gjeld klutane på badet, dei skal tydeligvis ikkje ligge der, det er pus sitt sted. Trur ho...


Her er to bilder frå Volda, tatt ute på tur. Første er frå den flotte hagen/parken borte med sjukehuset. Der er det nåken som jobba som er veldig glad i rhododendron, for ca 50% av hagen består av det.


Dette bildet er frå elva nede ved Rotevatnet. Idyllisk. Ser av og til Fossekallen her nede, har sett to samtidig hittil, so kanskje her er komt fugleungar i år?


Nyinflytta helsing Sunniva

onsdag 20. mai 2015

Grønt smykke og et svart skoggrønt

Igjen. Denne gangen med eit anna mønster. Veldig fornøyd med fargane på denne.




Garnet er som vanlig Lizbeth 20. Perlene er kjøpt på TGR.


Det andre smykket er til ei venninne. Ho ville ha et svart og skoggrønt, so eg håpa ho blir fornøyd. Det er på vei i posten no. Perlene her er frå TGR og Søstrene Grene.

Sunniva

Gerilljaanheng

Mange har sikkert hørt gerilljastrikk/broderi, der man brodera "hjem, grusomme hjem" for eksempel. Eg har laga et anheng til ei venninne som eg lika å sjå på som et "gerilljaanheng" det er jo ikkje akkurat det, men det bryter likevel med det klassiske innen den sjangeren, so eg tar meg friheten likevel. Vi er jo begge to interessert i metal og hard rock, so det er jo passande til begge egentlig.



Sånn vart det sjåande ut. fagane er jo det same som smykke eg lagde til mamma som er langre nede på sida, men likevel blir det forskjellig når man får på haudeskallen :-) Fargen på perlene blir som vanlig ikkje heilt rett, då dei er meir lilla enn blå.

Sunniva

tirsdag 12. mai 2015

grønt og blått smykke

DEtte blåe smykket har eg laga til ei venninne av meg som eg har møtt på arkivstudiet. Vi er på gruppe no på prosjektoppgava, og det går kjempebra! Trur eg har fått gode venna for livet her. Hon har alltid vore veldig positiv til nuperellene mine, so eg spurte om ho ville ha et smykke, og det ville ho :D farge og mønster har ho fått velge sjøl!


Som vanlig er garnet eg har brukt Lizbeth 20, farge 149, med kvite perler frå Gütermann denne gongen. Eg har prøvd meg på å bestille frå E-bay, for å få tak i øyreanheng og smykkelåsar uan å betale ei formue her i Norge på hobbybutikkar. Det fungerte kjempebar, og eg fekk varene tilogmed før dei var lova! (Var lova ca 1 mnd i postens hender, men tok mykje kortare tid :D )




Det grønne har eg jobba lenge med å få møsteret til å fungere, og no trur eg endelig at det gjør det. Deilig å få den ferdig! Mønsteret har eg som vanlig blitt inspirert på instagram, og no laga til et smykke. Kjekt :-)


Desse perlene er frå Panduro og er i gull, medan garnet er Lizbeth 20 i fargen 684. Fargen på både perlene og garnet er gode og tydelige her.

Sunniva

fredag 8. mai 2015

Smykke til mamma

Sida eg no har begynt å bli litt sikrare på ka eg egentlig drive med, har eg turt å lage smykker til andre, og mamma ville gjerne ha et (eller var det eg som pressa det på? Detalja). Ho mor er jo veldig glad i lillafargar, so eg hadde egentlig tenkt lilla tråd med lilla perler. Men so viste det seg at ho ville ha svart tråd med lilla perler! Og det hadde ikkje eg med på tur, so det vart nesten abstinens på heile greia. Men når eg endelig kom meg tilbake til Oslo, var det bare å sette i gang.


Her er bilde underveis, prøvd å få med materiala eg brukar. Som du ser er der to forskjellig skyttlar, garn, perler og saks.


Her leika eg meg med perler, for å sjå kva fargar som passa til. Og eg vart veldig fornøyd med dinne kombinasjonen, som det viste seg at mor likte og. Yay!

Her er fargen litt for blå på dei små perlene.

Beire her.
Her er øyredobb og smykke ferdig. So no må eg bare flytte heimover sånn at mamma kan få det.


Siste bilder er steinformasjoner heime på vei ut til Skongsnes. Der er mange spesielle formasjoner som har oppstått under tusenvis av år med press, bølger og andre naturkrefter. DEi moromaste synst eg er "blondeberget" altså dei holete berga. Der er det svakare steinsorta som har vore innimellom den harde, og den mjuke har blitt vaska vekk av bølgene gjennom tusenvis av år. Blir ganske flott effekt av det!

Fornøgd helsing
Sunniva

søndag 3. mai 2015

Det nuppast

Meir nupereller. Er du lei enda? Synd for deg, for det er ikkje eg! Virkelig blitt en favoritt ditte! Dinne er til Maria, ei venninne av meg. Ho har valgt fargane sjøl.


Neste er til min fetters datter. Ho skal ha sin første kommunion snart, og eg ville lage nåke i tillegg til pengegåva ho får. So det blir et lite nuperellesmykke med øyredobbar til. Øyredobbane tenkte eg å ha sånn at ho ikkje treng hol i øyra for å bruke dei, sida ho ikkje har det enda, Ogso kan eg bytte "henget" på dei når ho blir eldre om ho eventuelt vil ta hol i øyra. 


Dei neste er bare kos. Eg har egentli lgd dei for å prøve ut garn og perler sammen, men har no laga små smykker av dei likevel. Var heime i helga, og då fekk eg låne masse verktøy av pappa so eg fekk festa på lenkene og styr :-)



Dei er veldig like, men det er litt forskjell på fargen på perlene og antall perler på dei, men det er ikkje so lett å sjå på desse bilda dessverre.

Her kjem favoritten min, eg kalla det greilja-nuperelle :D


Sunniva