tirsdag 9. juni 2015

Trekantpungen, how to do!

Her kjem ei lita kjapp oppskrift på trekantpungen. Det fyste eg gjorde var å finne frem passande stoff og klippe det til. Måla eg brukte var 34 cm på kantane, og brukte ei gradeskive for å få 60 grader på vinklane for å få ei likesida trekant (Som det heiter på fagspråket). Klipp ut i to forkjellige stoff om du vil det, eller det kan være frå same stoffet. Du bestem! Eg har valgt to ulike.

Stoffa ferdig klipt til.

Nåla står litt til høgre.

Eg la stoffa rette mot rette, festa med knappenåler og sydde rundt. Husk og la det være igjen et lite hol so du får vrengt trekanten. Eg har brukt å ha nåla til høgre når eg syr, sånn at det ikkje går vekk so mykje stoff.

Klar for vrenging.
Etter at du har vrengt den syr du igjen det lisje holet enten for hånd eller maskin. Samle dei tre hjørna. No skal du feste med knappenåler "veggane" i pungen, slik at du kan sy dei. No må du og velje kva side som skal være ut, og kva som skal være inn. Eg har brukt å ha det mørkaste stoffet inni, for då får det en fineffekt på utsida når du bretta ned hjørna, men det velje du utifrå kva stoff du vil skal synest best.




Deretter er det berre å sy! Eg har sydd til litt over halvvegen, men bare litt. So bretta du ned hjørna, finn ei fin perle eller knapp som du syr fast på. Dette er for at du skal ha noko å feste snora i.

So langt har eg sydd!

Sånn vil den bli sjåande ut no ovanfrå.

Lukka

Litt opna.
Tre i ei passande snor eller bånd. Eg har brukt ei perle med litt stort hol til å holde snora/båndet på plass, for å stramme og slakke båndet. Det som er so fint med båndet er at når du ikkje syr so langt opp blir opninga litt stor so du kan sjå og ha nedi ting med litt størrelse på, men snora vil likevel lukke pungen godt.

Håpa denne var til noko hjelp for nåken et sted :-)

Sunniva

Lita enkel trekantpung

Lagde en liten pung då eg kom tilbake til Volda. Denne er inspirert av en pung mamma hadde på badet, som er laga av Tante Laila (link til blogg).



Kjempeenkel å lage, og grei å ha til hårstrikk, smykker eller i mitt tilfelle, nupereller ;-)


I tillegg har eg sydd eit forheng til badet, foran sjetneklekorga. Veldig grei måte å skjule rotet på. Stoffa som er brukt har eg fått av ei i husflidslaget, er egentlig dynetrekkprøver, so dei er litt tjukkare enn vanlig stoff :-)

Sømmelig helsing Sunniva

søndag 7. juni 2015

Ramsløk-smør og nupereller

Mamma viste meg kordan eg laga ramsløks-smør no når eg var heime. Du finn litt ramsløk, skjølle og klippe den opp, romtemperar litt meierismør og blandar! Pass på ar du ikkje forvekslar ramsløk med liljekonvall, den er giftig, og har ganske like blader.


Pus kosa seg på besøk


Nupereller dinne gongen og! Disse er laga til ei i bygda som skulle ha dei med på tur i sommer som presang. Det er to par øyredobbar.


Dette er utprøving av et nytt garn eg fann (som egentlig er utgått frå leverandør :-( ). Dette blir kalla 3D nupereller eller "multi-layer", altså fleire lag på godt Norsk. Garnet heiter Mönlycke og er frå Coats.


I tillegg nuppa eg litt på denne, som snart er ferdig. Bilde kjem!

Sunniva

Besøk heime...

...med mor og far. Eg og H hadde litt ferie i lag no, og vi hadde egentlig tenkt å reise på tur til Danmark og Sverige. Eg vart sjuk, so vi droppa det. Når eg kom på bedringens vei bestemte vi oss for å ta en tur heim, sida vi er frå same bygd. her er nokon bilete frå besøket:

Tjeld har lagt egg på marka.

Tradisjonell Norsk sommer
For dei meste fuktig vær, men sola viste seg innimellom. Besøk på Mehuken, der vindmøllene står! Skodde, men dei er der! Hadde 30 meter sikt på det verste.

Her er det minst 5 vindmøller


Dette er en av dei nye vindmøllene, helde på å bli satt opp.



Seinare på dag vart det klart og fint! Dette er tatt får altanen vår, med same vindmøllene, berre anna vinkel :-)

Sunniva