mandag 6. april 2015

Smykke i nupereller!

No er eg begynt å bli farlig glad i nupereller! På instagram finst der mykje fint, og eg har no tråla igjennom nupereller på mange ukjente språk :D Eg skal prøve å lage dei som eg synst er finaste. Problemet er at det som regel ikje står mønster der, so eg må lage mønsteret sjøl. Men litt utfordringar må man ha ;-) Mamma har lovt å lage ei bok til meg der eg kan ha mønstera mine i, so eg gleda meg til den kjem!


Her er bilde av det fyste smykket eg lagde i nupereller. Det vart altfor lett, fordi det ikkje har nåken perler på, so det veie ca 3 gram. Som du ser "flagra" det litt. For å få det til å ligge bedre har eg no limt på perler, og då blir det litt meir tyngde på, so det ligge finare!


Fakta:
Garn: Lizbeth 20-158
Du treng kun en skyttel og nøstet for å lage dette smykket, dersom du har skyttel med krok på. Smykket er laga i ei lang remse. Eg bestille garnet og utstyret frå www.hobbyverden.no, skikkelig god service, og varene kjem raskt! Nettbutikken er norsk, so man treng ikkje å tenkje på toll.

Har laga øydeobbar so passar til, to forskjellige. Kaforein er din favoritt?




Her er eit smykke til eg har laga. Dette er laga kvar "blomst" kvar for seg, ogso festa saman etterkvart. Det gjør at det er lettare å halde tunga rett i munnen, og det er ikkje ei tragedie om du gjør feil.


Her er og øyredobbar til, desse vise fargen rett.


Fakta:
Garn: Lizbeth 20-149
Du treng kun en skyttel og nøstet for å lage dette smykket. Og ei helkenål.

Skal inrømme at eg kosa meg med nuperellene, sjøl om ar det er putlearbeid. Veldig glad i perler, so det er kjekt å endelig få brukt alle dei eg har :-)

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar