fredag 26. juli 2013

Hekling og alfajakka

Eg har helka nåken småduka som eg tenkte å ha mellom tallerkna so dei ikkje ripa seg mot kvarandre. Eg fann ei oppskrift i hefte nr 55 fra Solberg. Det er egentlig til ei pute samansatt av mange rosettar, men eg har valgt å bare bruke rosetten og hekle den. Her har eg helka to, og nr 3 er i produksjon. Eg har brukt Mini Duett frå Sandnes og heklekrok nr 2,5 for å få det litt større, sida oppskrita anbefalte Solberg 1274. Veit ikkje heilt om eg skal ha dei sjøl, då min livssituasjon vart drastisk endra plutseleg. Mulig eg gjer dei vekk gave, eller sy dei saman. Får sjå.

Rosettane er dyppa i vatn

Eg har brukt kaldt vatn som eg har løyst opp sukker i. Deretter har eg dyppa rosettane, og strukke dei ut på mine kjære pulsespelbrikker.

Dobbelt so store!
Alfajakka er oppkilpt no, og henta opp masker, so den er spenn klar for siste finish, vrangborda rundt!

Her skal eg sy, og her skal eg klippe :-)
 Sunniva

tirsdag 23. juli 2013

Makrame, Yoshi og Glassbikker.

Eg har kjøpt bladet Mollie Makes, som er nytt i Norge. Då eg såg forsida, trudde eg at det kun var armbånd-greier, men der er jo hekling, søm, interiør og greier! Veldig bra, og alt er Do It Yourself, altså oppskrift på kordan du gjør det sjæl :-)


Prøvde meg på makrame (i favorittfargen selfølgelig) og vart ganske fornøgd. Eg har limt endane so dei ikkje sklir opp.

Under produksjon
Ferdig!

Eg har jo helka litt meir då.. Kremt. Alfajakka blir liksom ikkje ferdig når eg ikkje er noko heime, so den ligge og venta på to sømmar akkurat no... Dei er hekla i noko bomullsgarn eg hadde liggande, og heklekrok nr 2,5. Oppskrifta på glassbrikkene finn du forsatt her. 



...i tillegg fekk eg det for meg at eg skulle prøve å brodere i går. Det er jo bare kors-sting, og stoffet er restar frå kjolen eg sydde (altså dynetrekk), altså ikkje serlig brodervennlig:-) Eg prøvde no likevel.

I gang...

Begynde å ligne på nåke...

Sjå på her!

Ferdig!
Yoshi-mønster fann eg her. Veit ikkje kva eg skal bruke stoffbiten med Yoshi til enda, men eg finn nok på noko :-)

Huff, jobba mykje no for tida, det tar på. Derfor er det kjekt med raske små prosjekt:-)

Sunniva


søndag 21. juli 2013

Hekling og Alfajakka

I går var eg heilt utkjørt etter å ha vore på jobb, joggetur og glømt å ete. Veldig dårlig kombinasjon. Så kl 20 hadde eg fått i meg mat, og merka at kroppen var sleten, men hjerna var fremdeles oppegåande. So eg fann ut at eg kunne drive med handarbeid, men ikkje noko som vege for mykje, då eg var sleten. So då vart det til at eg byrja å hekle glasbrikker inoko akrylgarn eg hadde liggande. Garnet er frå Søstrene Grene, og er heilt ubrukelig fordi det er akryl. Ikkje tiltrekke det seg fuktighet, og om det blir satt fyr på, so smelta det og ødelegge ting rundt seg... Kjøpte det i Kjøpenhavn då eg var skikkelig skuffa fordi eg ikkje fann eine garnbutikken eg hadde peika meg ut, og den andre var lagt ned...

Evva på tommelen.
Oppskrifta finn på på denne bloggen. Litt uvandt å hekle igjen, då det er lenge siad sist. Merka eg holdt litt hardt på kroken og, som du ser på bildet:-)

Weee!
Alfajakka er eg straks ferdig med. No skal eg klippe den opp, so er det bare kanten rundt igjen :-) Magic loop gjekk ikkje so bra, men det var fordi pinnane mine er so tjukke (p.12) og vaieren so tynn, at det var vanskeleg å få fint. So eg gjekk over til vanlege strømpepinnar :-) Kundana sa at det såg ut som om eg strikka med kulepennar, noko som ikkje var långt i frå sannheita...

Håpa alle får en fin søndag!

Sunniva

mandag 15. juli 2013

Alfajakka

No har eg begynt på ei jakke i dobbel alfa som eg skal klippe opp. Eg holde på med so mange prosjekt på tynne pinnar, so eg må ha nåken store bare for å føle at det går fremover :-)

Alfa farge 3161 frå Sandnes
Kom so langt på to kveldar, hipp hurra for tjukke pinnar! I dag skal eg begynde på erma, og skal prøve meg på magic loop med begge erma samtidig for fyrste gong... Spent. Sjå dinne videoen for å få ein ide om kva eg meina :-)

Jakka er inspirert av denne som har stått i KK (trur eg) i haust (trur eg). Problemet med denne er at 1, den er GIGANTISK (overvidde 128 cm. Eg er 94 og en medium til samanlikning...) og 2, garnet er ikkje mulig å få tak i Noreg lengre, og tollen blir på meir enn prisen på garnet...

...so då prøva eg å finne alternativ, pluss å lage den mindre...

Sunniva

søndag 14. juli 2013

Se min kjole...

...den har eg sydd sjøl, alt det eg eige, det er kvitt-med-blomster-mønster-på som den..? Eg har sett i butikkane etter en lang, lys kjole. Har fått en forkjærlighet for lange kjolar, sikkert fordi ein slepp å tenkje so mykje på om den henge ned bak med dei. I alle fall, eg har sett sånn halvvegs i butikkane, utan å ha funne noko...

...so kom eg på at eg har jo eit kjempefint dynetrekk som eg sjeldan bruka! So tenkt, so klipt. Eg spretta opp heile sømmen rundt dynetrekket, la det dobbelt og byrja å måle opp. La til gode mål og klipte i veg. Gjekk eigentlig betre enn forventningane, kjole vart det! Passa gjør den og! Ikkje dårleg berre det :-)

På sida kan dåkke sjå at eit anna stoff er sydd i, det er baksida av dynetrekket. Brukte det på kvar side for å få kjolen vidare so eg kan gå i den :P Har sydd i strikk oppe for å holde kjolen på plass, samt litt over midja for å få den meir innsvinga.


Her er kjolen bakfra, samt rosebuska som veks utanfor inngangen vår :-) Rosebuska er veldig snill, vokser flott kvart år, utan tilsyn. Eg må berre klippe den ned innimellom, so den kjeme med 40 cm lange skudd med roser på kvart år, og då blir den litt voldsom etter nokre år. Fine buska:-) Har ikkje strikk i kjolen bak. Måtte sy den opp ganske mykje nede, men det er bare greit, sida då har eg noko å vekse i... (Hahaha...)

Sunniva

torsdag 11. juli 2013

VCD, Vocal Cord Dysfunction eller trange stemmeband

Eg har dignosa VCD, Vocal Cord Dysfunction, eller trange stemmebånd som det heite på norsk. Det er enkelt og greit stemmebanda mine som prøva å drepe meg. Faktisk:P

For nåken år tilbake var eg til legen fordi eg trudde eg hadde astma. Eg har hatt episoder der eg har hatt vanskelig for å puste, alltid etter mykje springing eller turar på fjellet. Symptoma byrjar med "vondt i halsen" før det seinare blir verre, og det kjem piping frå halsen både på innpust og utpust.

Legen min henviste meg til ein astmalege ute på Nesodden, der eg måtte springe på tredemølle for å bli andpusten. Så sjekka dei luftvegane mine (eg måtte puste inni eit rør), uten å finne spor til astma. Eg fortalde at det hjalp å stikke fingrane inni sidene på luftrøret for å få puste lettare. 

Sånn 

Det ser ut som om eg prøva å ta pulsen på megsjøl, men det er sånn er "opnar" stemmebånda. Vanligvis gjør eg det på begge sider, men det var vanskelig å ta bilder då. Legen meinte då at eg hadde VCD, noko som passa med symptoma mine og det at det hjelpe å stappe fingrane inn på sida av luftrøret. Utrulig at eg ikkje får blåmerker, sida eg fysisk opna stemmebånda. Uansett, etter at eg fekk den diagnosa, har eg blitt meir bevisst på det, og prøv å slappe av meir når eg går på tur, og ikkje berre springe av gårde med den holdninga at eg bare er i dårlig form.

Noko eg og har funne ut hjelpe, er gjespe-refleksen eller kva eg no skal kalle det. Når eg gjespar, opnar stemmebånd seg mykje meir enn når eg pustar vanleg. Så eg har begynt å "gjespe" når eg kjenne at det begynde å bli lite luft, sånn at dei opna seg meir. Veldig effektivt, og det ser ikkje ut som om eg prøva å kvele megsjøl.

Artikkelen som eg har linka til lengre oppe, i feit skrift, handlar kort om kva det er og kor mange som er ramma. Har du fått diagnosen Astma, men medisinen hjelpe ikkje, so ville eg få sjekka om det er VCD. Eg trur no, etter at eg veit kva det er, at eg har hatt det sida eg var ca 8 år. Der er nåken episoder som eg huska sovidt der eg har hatt "vondt i halsen" når vi har vore på tur. Eg trudde lenge at det handla om høgdeforskjellane, sida vi på Vestlandet går mykje oppover når vi går på tur, men det har ikkje virka logisk. Eg fekk det ein gong og etter mykje springing på handballbana, so då passa det ikkje med høgdeforskjellar lengre.

Uansett, her var ei kort innføring i kva det vil seie å ha trange stemmeband, og kva som hjelper for meg. Som sagt, dersom lege seie du har astma, men medisinen ikkje hjelpe, prøv å stapp fingrane inn på sida av luftrøret neste gong, og sjå om det hjelper.

Sunniva

tirsdag 9. juli 2013

Innfarging


Eg som jobba i garnbutikk for ofte spørsmålet "Hvorfor er innfargingen så viktig?". Mange trur at om fargekoda er den same, so er fargen den same. Dessverre er det ikkje so enkelt. Grunnen for dette er mange. Først og fremst kjem det ann på kor mykje ull som blir farga samtidig. Dersom det er mindre ull kan fargen bli sterkare, og masse ull, svakare. Dessuten kjem det ann på kor godt ull frå den og den sauen (eller alpakkaen) tar til seg fargen. Og sist, men ikkje minst kor mykje farge som er brukt. Her er to bilder bare for å vise kor forskjellig det kan være, og at man ikkje ser forskjell, alltid.

Same farge, forskjellig innfarging.



Over er skrekkeksempelet eg brukar av og til på jobb. Same farge, men forskjellig innfarging.

Forskjellig innfarging her og

Denne derimot heller ikkje same innfarging, men dei ser jo heilt like ut!? Det beste du kan gjøre er å være sikker på at du får nok farge med same innfarging med ein gong, so du sleppe å leite. Det blir so dumt om du får den stripa rett over magen med litt lysare tone.

Det var dagens opplæring!

Sunniva

tirsdag 2. juli 2013

Kunststrikking


Eg har tidligare vist kunststrikkeprosjektet mitt. Dette er min første kunststrikkeduk, meir info og oppskrift om den finn du her.

Komt så langt no, skal begynde å strikke den avlang, så no blir det tenking, spesielt sida eg akkurat måtte rekke opp mykje... Menmen, artig likevel:-) Gleda meg til eg er ferdig, då skal eg begynde på dukane farmor mi har lagt igjen oppskrifter på. So det er bare å finne dei frem, mamma og pappa :D

Sunniva

Blokking

Eg har tidligare vist dåkke ein duk som eg har helka. Denne duken har eg aldri fått strukke ut/blokka. No har eg kjøpt meg gulvklossar til å strekke ut på, so no har prøvd å blokke for fyrste gong:-)

 
Under blokking...

Selfølgelig fann eg ikkje knappenålene når eg tengte dei, so eg blokka med sikkerhetsnåler i stedet for... "man tager det man haver..."

Duken før

Duken etter.

Som dåkke ser vart den betarktelig mykje større:-) og mykje finare, om eg får seie det sjølv. Her har eg kun fukta duken før eg blokka den, men det er vanleg å bruke melis i vatnet for å få den stivare. Eg ville ikkje har denne stiv fordi den skal ligge på kista.

Sunniva