søndag 6. desember 2015

Stille på bloggen, men det skjer likevel

Har vore stille på bloggen men eg har ikkje vore på latsida. I haust har eg deltatt på fleire messer,både i Volda, Oslo og Ørsta. Eg har solgt litt, men mest av alt har eg fått vist frem teknikken og kva ein kan lage. Mange har sett på det eg har gjort, og har ofte utstyr liggjande heime. So forhåpentligvis har eg fått nokre til å gå heim og tørke støv av denne raudelista teknikken. Mange har spurt om eg helde kurs, og hittil har eg ikkje gjort det. Men eg har fått to prøvekaniner som har lyst å lære, So eg skal prøve å lære frå meg i januar. So får vi sjå om eg har nokre pedagogiske eigenskapar. 




For dei som har lyst å følje nærare på det eg gjør, kan dykk gå inn på www.instagram.com/dehl_chan/ då får dykk sjå det eg legg ut der, som skjer mykje oftare enn her på bloggen. Profilen min er open, so du treng ikkje lage deg konto for å sjå, men for å like og kommentere må du det :-) 

Julekuler og Hekla snøkrystallar


Elles kjem eg kanskje til å halde kurs ut på nyåret, om det viser seg at eg klare å lære vekk. Vi får sjå...

Sunniva 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar