Eg strikka i Sandnes Alpakka på pinne 2,5...
"Tubesokk" |
Den andre er frå Ulla-Bella. Det er eigentlig prematur, men eg har litt tjukkare garn, so eg håpa den passa nyfødt. Tenkte å ha silkebånd innimellom i rosa eller blått:-)
Eg og kjæresten var på tur i går, og då kom vi over denne. Trur den heite Geitesyre?
Denne skal bli mitt neste prosjekt:-) Enkel strikk! Strikka i eitt stort stykke og sydd saman etterpå:-) Har kjøpt inn Fumato som vi hadde i butikken på Storo på tilbod! Grunnen for tilbodet er at leverandøren Lana Grossa skal slutte å sende til Norge, dessverre...
Siste bildet her er nok fleir som stussa over... For ikkje so lenge sida hadde vi ein katt som røyta mykje. Man fann alltid pels eitt eller anna sted etter å ha vore heime. 17. Mai fann eg denne pelsdotten på INNSIDA av bunaden, innimellom foldane... Noko som er ganske imponerande, sida den bunaden ikkje har vore heime på 3 år, og eg alltid har vore forsiktig med kosinga på pus når eg har hatt den på... Pusen døydde i Desember, etter nesten 14 år, so pelsdotten skal få lov til å være der, til minne om pus:-)
Den lilla genseren min er eg ferdig med erma no, so no skal eg gjøre ferdig bolen snart, etter babysokkane:-)
Sunniva
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar