søndag 9. juni 2013

Maskemarkørar, kuntstrikk og kjøkkenklutar...

I det siste har eg hatt min siste eksamen ditte skuleåret... So no er det endelig sommerferie:-) Eg har brukt dei siste dagane på å planlegge supriseparty til ei venninnne av meg, og det vart veldig vellykka:-)

Eg har laga nokre maskemarkørar ved hjelp av noko fint eg finn på husfliden. Må tilbake å sjå om dei har fleire. Perlene har kjøpt på Nille for kjempelenge sida trur eg. Einaste er at metallbiten løsnar, so eg må finn ein lim eg kan bruke. Innom Clas Ohlson kanskje?

Eg har begynt å prøve meg på kunststrikk igjen.... Denne byrja eg på på fredag. Eg har aldri fått til kunststrikk før, so det er veldig kjekt når eg får det til. Oppskrifta finn du her. Eg har brukt Solberg 12/9 trur eg, fann det i garnpåsan. Det er litt tjukt, so det er lettare å holde styr på dette sida det er fyste gong. Eg har 8 pinnar her, med ein rapport på kvar pinne. Eller Mikado-helvete som eg lika å kall det :-) Perla er for å huske at her byrjar ny omgang.



Mønsteret begynde å ta form....
 


Ellers har eg strikka en del kjøkkenkluta i det siste. 1r, 1vr heile omgangen, ogso passa på å få det same ein gong til. Deretter bytta eg. Eg har berre lagt opp so mange masker som eg føler for, og tar det deretter:-) Garnet er Mandarin Naturell frå Sandnes Garn.

Kanten og mønsteret opp-ned
 
Rundt har eg helka ein liten kant. Eg har aldri fått til dei små fine kantane rundt klutar og tepper før, men no har eg knekt koden :-)
 
Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar