Eg som jobba i garnbutikk for ofte spørsmålet "Hvorfor er innfargingen så viktig?". Mange trur at om fargekoda er den same, so er fargen den same. Dessverre er det ikkje so enkelt. Grunnen for dette er mange. Først og fremst kjem det ann på kor mykje ull som blir farga samtidig. Dersom det er mindre ull kan fargen bli sterkare, og masse ull, svakare. Dessuten kjem det ann på kor godt ull frå den og den sauen (eller alpakkaen) tar til seg fargen. Og sist, men ikkje minst kor mykje farge som er brukt. Her er to bilder bare for å vise kor forskjellig det kan være, og at man ikkje ser forskjell, alltid.
Same farge, forskjellig innfarging. |
Over er skrekkeksempelet eg brukar av og til på jobb. Same farge, men forskjellig innfarging.
Forskjellig innfarging her og |
Denne derimot heller ikkje same innfarging, men dei ser jo heilt like ut!? Det beste du kan gjøre er å være sikker på at du får nok farge med same innfarging med ein gong, so du sleppe å leite. Det blir so dumt om du får den stripa rett over magen med litt lysare tone.
Det var dagens opplæring!
Sunniva
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar