søndag 14. juli 2013

Se min kjole...

...den har eg sydd sjøl, alt det eg eige, det er kvitt-med-blomster-mønster-på som den..? Eg har sett i butikkane etter en lang, lys kjole. Har fått en forkjærlighet for lange kjolar, sikkert fordi ein slepp å tenkje so mykje på om den henge ned bak med dei. I alle fall, eg har sett sånn halvvegs i butikkane, utan å ha funne noko...

...so kom eg på at eg har jo eit kjempefint dynetrekk som eg sjeldan bruka! So tenkt, so klipt. Eg spretta opp heile sømmen rundt dynetrekket, la det dobbelt og byrja å måle opp. La til gode mål og klipte i veg. Gjekk eigentlig betre enn forventningane, kjole vart det! Passa gjør den og! Ikkje dårleg berre det :-)

På sida kan dåkke sjå at eit anna stoff er sydd i, det er baksida av dynetrekket. Brukte det på kvar side for å få kjolen vidare so eg kan gå i den :P Har sydd i strikk oppe for å holde kjolen på plass, samt litt over midja for å få den meir innsvinga.


Her er kjolen bakfra, samt rosebuska som veks utanfor inngangen vår :-) Rosebuska er veldig snill, vokser flott kvart år, utan tilsyn. Eg må berre klippe den ned innimellom, so den kjeme med 40 cm lange skudd med roser på kvart år, og då blir den litt voldsom etter nokre år. Fine buska:-) Har ikkje strikk i kjolen bak. Måtte sy den opp ganske mykje nede, men det er bare greit, sida då har eg noko å vekse i... (Hahaha...)

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar