søndag 20. oktober 2013

Snømannen Kalle

Strikking for jobben igjen :-) Detta skal bli snømannen Kalle fra Sandnes garn, nyaste julehefte!

Snømannen som er ferdig og vi såg på messa.

Einaste er at eg skal tove den... Og det er ikkje eg god på... Sist gang eg tova var det ikkje med vilje, og det vart veldig kompakt og ikkje eit putetrekk lengre... Dinne gangen må eg tove for hånd, og det har eg ikkje gjort sida vi gjorde det på barneskulen, so eg var litt spent på det...

Hua ferdig tova.

Her er lua, ferdig strikka og tova! Veldig spennande å strikke den, sida eg ikkje har strikka ei oppskrift etter diagram før. Det er ganske mykje å følje med på menst man strikka, og veldig uvant. Snømannen skal strikkast i 12 delar og so tovast, so syast sammen, so det er en del jobbing...

Eg synst det var vanskelig å tove lua, eg prøvde fyst med varmt vatn fra springen, uten at det hjalp. So eg kokte det på ovenen, fann frem grønsåpa og tova det på bordet. Det gikk, men det vart ikkje so mykje tova som eg trudde det kom til å bli. So det blir spennande når resten er klart til toving.

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar