torsdag 26. desember 2013

Hemmeligheten

Ditte arbeidet har eg holdt på med sida i sommer. (Arbeidet var ein julepresang, derfor kjem den etter jul) Eg fekk innspirasjon frå denne, og då var det berre å sette i gang. Denne er til mammaen min!


Eg valgte å strikke den frå sida.
Garn: 200 g Faerytale, utgått farge 721
Pinne: 4 mm



Oppskrift: Legg opp 157 masker på pinne nr 4, gjerne stramt. Strikk 7 rette *3 vrange, 7 rette* Gjenta mellom *-* ut pinnen. Snu og strikk motsatt tilbake, 7 vr, 3 r, 7 vr. Forsett slik til du har strikka langt nok til at det går rundt skuldrane dine. Min var 103 cm, sida eg og mamma er ca like breie over skuldrane. Eg felte stramt av, sydde saman i enden og i starten og stramma so det rynka seg.

Blomstrane har eg helka på frihånd, uten oppskrift. Om nåken har lyst å prøve seg på helka blomster kan dei sjekke ut denne. So sydde eg på blomstrane. Vart tre stykker i forskjellige strørrelsa, plassert på ekte Blomsterdekoratør-vis.

Hadde akkurat nok garn, kan man seie...
Sånn vart den, då er det bare å vente på at mamma får prøvd den.



Det som var det verste med denne var at det tok so SINNSJUKT lang tid å strikke den. Eg er ikkje vandt med å strikke so tynne pinnar og so mykje. So det var eit evighetsprosjekt som eg jobba med om sommeren då eg jobba fulltid på Lambertseter. Daglig leder og sjefen sjøl var på ferie, so eg hadde ansvar for bestillingar og butikken. Det var veldig rolig innimellom, so då vart det en del strikking. Veldig kjekt, for då fekk eg ein forsmak på kva det ville seie å være butikksjef, noko som har komt godt med, sida eg ikkje ville visst kva eg skulle gjort på jobb ellers.... Egentlig veldig kjekt å ha strikka denne, eg er blitt en racer på å strikke vrangt!

Håpa alle har ei flott romjul.
Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar