torsdag 27. februar 2014

Møte i Husflidslaget

Som den glade strikker eg er, er eg og medlem i mitt (tidligare) lokale husflidslag. Eg er faktisk styremedlem. I går var det medlemsmøte og temaet var brikkevev. Ditte er nåke eg ikkje kan nåke om, og aldri har begitt meg ut på. Einaste forholdet eg har til det er at eg trur mamma gjorde det då hon vevde bånda til bunaden min. Trur eg.

I Alle fall. Vi hadde koselig besøk av ei dame som viste oss teknikken og gav oss en kort historietime. Eg var so heldig å få prøve. Hon forklarte kordan brikkene skulle treast, men det skal eg ærlig innrømme at eg ikkje skjønte so mykje av. Hadde nok vore lettare om eg hadde fått prøve å tre enn kun teorien.


Litt smånervøs for å ødelegge heile saken..

Uansett, damen var flink og kunne sitt fag, og hadde med en "prøvevev" der eg fekk lov til å bli taua inn og prøve.
Begynde å bli varm i trøya og snur alle brikkene på en gang!

Dei strekane dåkke ser er der veven er blitt "Snudd".(rød pil) Dette er fordi det når du veva, so veva du på "begge" ender samtidig. Og sida man ikkje stramma skikkelig på den andre sida, blir det en "uferdig" vev. So man snur for å veve "opp" på andre sida,  og då kan veve lengre. Virka det fornuftig? Håpa det :-)


Den nedreste raude pila er der eg begynte då eg fekk veven rundt midja. Akkurat eit snupunkt. Den andre er der har snudd igjen, og den øverste veit eg ikkje korfor eg har tegna på...Uansett veldig kjekt å prøve, so no er eg ikkje heilt grønn på å veve med brikkevev, men eg er grønn på å "legge opp" :-)

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar