torsdag 4. desember 2014

Babyteppe i Dale Babyull

Bildet ligg på instagram, følg meg gjerne! @dehl_chan

Lenge sida ei oppdatering no. Skyldes blandt anna at eg har begynt på skulen i haust, og at eg då har prioritert å lese meir enn strikkinga. Men har no fått strikka litt likevel :-)

Fakta:
Garn: Dale Babyull, 350 gram
Mønster: Havskum
Pinne: 4,5 mm
Fargen er mint, og mest rett på det nederste bildet.

Dette teppet strikka eg fordi eg hadde lyst å prøve å strikke havskummønster igjen, og fordi eg ville strikke et babyteppe. Eg hadde ingen tenkt eigar til teppet, tenkte å strikke det og ha det i bakhand. Medan eg strikka det var eg på styremøte i Husflidslaget,og eg foreslo då a ha teppet som gevinst på Julemarkedet vårt. Teppet var då forsatt under strikking, men eg lovte at eg skulle være ferdig til Julemarkedet.

I veka før hadde eg mine to eksamenar, so det vart ikkje so mykje strikking då. Det medførte at når eg leverte teppet som gevinst på julemarkedet so var det litt fuktig nederst, men det var ikkje nåke problem når resten var tørt.

På bildet til venstre ser dåkke at eg helde på å helke en bølgekant på langsida av teppet, for å skjule min noget ujevne kant.Har i løpet av dete teppet utvikla en kant som er fin og fast, men det var litt krøkete i starten, so det vart en heklekant på heile langsidene.

Eg hadde vaska det for at det skulle strekke seg litt i lengda, og hengt det opp (ja, fy meg) for at det skulle strekke seg litt til. Personleg tykkjar eg det vart veldig bra, Teppet vart veldig stort, ca 1,5x1 meter.

Han som vant teppet viste seg å være barnebarnet til ho eine i styret, og han valgter det heilt sjøl. Veldig kjekt at en 10åring ville ha teppet, sjøl om det ikkje akkurat var den alderen eg hadde i tankane då eg strikka teppet. Han var veldig fornøyd i alle fall, so då er eg det og!

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar