torsdag 4. desember 2014

Juleønske før eksamen!

Bror min er ikkje den materielle typen. Til bursdagen ønska han seg ingenting, og til jul hadde han ikkje store ønske då heller. Heilt til kulda kom i Oslo. Han er skalla. Han ønska seg plutselig ei hue gitt! Ønsket kom på en fredag, og same dag var eg ute og kjøpte garn på Strikkedilla på Oslo City. På forhånd hadde eg bedt han om å stikke en tur innom Drops sine sider for å sjå om han fann ei hue han likte, og etter litt sendte han meg link på denne, med teksten "Noke sånt, basically. It has hue-properties. Head gets warm." So når eg hadde fått et ønske på ei so enkel hue tenkte eg at eg skulle klare det før eg møtte han på søndag same helg. Sjøl om det var eksamen komande og sånn. (litt avveksling må man ha, ikkje sant?)

Merinoull frå Sandes, med resten eg hadde igjen.
So eg strikka heile lørdag når eg var med husflidslaget (litt meir avveksling), og på vei til fest på lørdag (1 times busstur kvar vei er veldig kjekt med strikketøy). På søndag vart det lesing før eg for for å møte brørene for film og middag. Medan vi såg film forsatte eg å strikke, og vart ferdig med hua i løpet av kvelden.



Fakta:
Garn: Merinoull frå Sandnes
Oppskrift : Denne frå Drops
Pinne 40 cm 3,5 cm
Mengde: under 150  gram

Det fine med denne hua er at den er elastisk, so den passar bror min, som er litt stor i pappen. Eg la opp etter den største oppskrifta, fordi eg visste den kom til å bli elastisk. Felling på denne hua skjønte eg ikkje heilt, so eg slo meg til ro med å strikke to og to saman etter merka oppskrifta anbefalte. So lenge man gjør den same feilen heile veien veit ikkje folk at det er feil ;-)


Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar