fredag 8. mai 2015

Smykke til mamma

Sida eg no har begynt å bli litt sikrare på ka eg egentlig drive med, har eg turt å lage smykker til andre, og mamma ville gjerne ha et (eller var det eg som pressa det på? Detalja). Ho mor er jo veldig glad i lillafargar, so eg hadde egentlig tenkt lilla tråd med lilla perler. Men so viste det seg at ho ville ha svart tråd med lilla perler! Og det hadde ikkje eg med på tur, so det vart nesten abstinens på heile greia. Men når eg endelig kom meg tilbake til Oslo, var det bare å sette i gang.


Her er bilde underveis, prøvd å få med materiala eg brukar. Som du ser er der to forskjellig skyttlar, garn, perler og saks.


Her leika eg meg med perler, for å sjå kva fargar som passa til. Og eg vart veldig fornøyd med dinne kombinasjonen, som det viste seg at mor likte og. Yay!

Her er fargen litt for blå på dei små perlene.

Beire her.
Her er øyredobb og smykke ferdig. So no må eg bare flytte heimover sånn at mamma kan få det.


Siste bilder er steinformasjoner heime på vei ut til Skongsnes. Der er mange spesielle formasjoner som har oppstått under tusenvis av år med press, bølger og andre naturkrefter. DEi moromaste synst eg er "blondeberget" altså dei holete berga. Der er det svakare steinsorta som har vore innimellom den harde, og den mjuke har blitt vaska vekk av bølgene gjennom tusenvis av år. Blir ganske flott effekt av det!

Fornøgd helsing
Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar