Tirsdag var eg en svipptur til Sarpsborg. Det vil seie at eg tok bussen Mandag kveld kl 22, og var framme ca 0630 i Oslo. Deretter venta eg i Oslo til 0905 då eg tok bussen vidare til Sarpsborg, som tar ca 1,5 time. So var eg der og jobba på gruppeoppgåva vår der, før eg tok bussen frå Sarpsborg 2010, var i Oslo 2140 og tok bussen til Volda 2200. Framme i Volda Onsdags morgen kl 0645. Ingenting å seie på villigheten når det gjelde å delta på gruppemøter i alle fall! Nettbuss tjente en del på meg desse dagane ja!
Det var uten tvil verdt 21 tima på buss, for vi vart ferdige! No skal vi møtes en gang til der vi skal levere oppgava og kose oss etter det. Eg er komt på ei veldig hyggelig gruppe der vi kjem godt overens heile gjengen, nåke som ofte ikkje går so bra.
Desse øyredobbane lagde eg til ho eine på gruppa, som jobbar med musikk på si. Ho er ikkje av typen som bruka masse smykker, men eg tenkte at kanskje desse kunne ho bruke på premierer og sånn om ho vil. Kjekt å lage desse, men eg gjorde om en del på oppskrifta for å få dei fin i forma. Desse er og stiva skikkelig med lim so dei held på fasongen.
Solnedgang i Oslo på veg til Volda igjen.
Bussvandt helsing Sunniva
Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg
onsdag 27. mai 2015
onsdag 4. februar 2015
Volda, arkiv og sånn
Det har skjedd mykje i livet mitt det siste året. Om du hadde sagt til meg at eg hadde funne faget eg trvies med, fått kjæreste og skal flytte frå Oslo for et år sida, hadde eg ikkje trudd på deg. Men det er altså det som helde på å skje.
Eg går no på arkivstudiet på Høgskolen i Oslo og Akershus. Det er ei bachelorgard, altså treårig. Det fine er at det er samlingsbasert, so det er "2 veker på, 2 veker av" sånn ca. Og det passar jo veldig bra når man er i eit avstandsforhold! Kva gjør en arkivar tenke vel kanskje du? Vel, når eg begynte visste eg det ikkje heilt eg heller. Men etter et halvt år på skule og etter utplassering, kan eg knapt vente med å bli ferdig sånn at eg kan begynde å jobbe!
Vi arkivarar lika å kalle oss sjøl "Informasjonsforvalterar". Arkivaren er den som har tilgang til all informasjon i bedrifta. Vi er den som opna posten, fordela saker, og legge ut på offentlig journal. I tillegg til full tilgang til arkiva og dens innhold. Dette innebære selfølgelig et stort ansvar, og ikkje minst ei saftig taushetsplikt. Då eg begynte på studiet tenkte eg at en arkivar var den som sitte vekkgjømt i en mørk kjeller. Det var ikkje det eg ville, men tenkte at det måtte være forskjellig typar. Og det hadde eg rett i. Du kan være den som produsera arkiv (arkivskapar) eller den som tar vare på arkivet (arkivdepoet).
I Desember var eg so heldig å jobbe i hos arkivleiar i ei ganske stor bedrift. Og ho satt IKKJE vekkgjømt i ein mørk kjeller, for å seie det sånn! Der var det mykje aktivitet heile arbeidsdagen, og mykje som skulle fiksast. En skikkelig lærerik og kjekk Desember månad!
| Ei or trur eg. Knudrete er den i alle fall. |
![]() |
| Slaktet Erina |
Til sommeren skal eg flytte til Volda med H, og vi drive og ser etter hus. Det går kanskje litt fort tenke du, men vi har jo tross alt kjent kvarandre heile livet. "Vi visste ka vi gikk til" som H sa so fint :P Vi har fått en liten pus, som har fått namnet Erina. Eller slappfisken/morderen/beistet/kaos/koseklompen/slaktet utifrå ka ho drive med.
| Utsikta frå leiligheta til H :-) |
Eg gleda meg til å flytte oppover hit, sjøl om det blir trist å etterlate alle vennane mine i Oslo. Men dei får komme på besøk, og eg til dei ;-)
Sunniva
Abonner på:
Innlegg (Atom)


