mandag 2. februar 2015

Jakke i Pus

I sommer begynte eg på denne vesten frå Dale Garn. I denne oppskrifta er det egentlig brukt Hubro, men eg synst det klør litt. Det fine med Hubro er at det er litt tyngde på, so vesten ligge nok finare i orginalgarnet. So eg brukte Pus (suprise) frå Du Store Alpakka. Grønt er ikkje alltid like fint hos alle leverandøra, men i Pus er den aldeles nydelig. Skikkelig fin mosegrønn. Eg har lenge ønska meg ei lang jakke i grønt, so eg kan bruke svarte kle under uten å bli for kjedelig. Eg er glad i svart, men lika å bruke farga til.

Eg strikka rundt og rundt, sydde og klipte opp. Orginalen på bildet.
Eg trur dinne egentlig skulle strikkast fram og tilbake i følge oppskrifta, men eg valgte å strikke rundt for so å klippe opp. Eg lika ikkje so godt å strikke vrangt, det blir ikkje like jevnt alltid. Jakka begynte eg på i sommer, men har vore på vent. Gikk raskt når eg begynte på den, men so tenkte eg å lage lange arma på den, og då stoppa ting litt opp. Mest fordi eg ikkje hadde oppskrift på armane og mått komponere dei sjølv.



Garn: Pus frå Du Store Alpakka (føle det garnet er en gjenganger på dinne bloggen ;-) )
Pinne: 9mm og 10mm
Oppskirft: Utgått frå Dale Garn nr 211



Sunniva (pus-elskeren)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar