Viser innlegg med etiketten Dale garn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dale garn. Vis alle innlegg

mandag 2. februar 2015

Jakke i Pus

I sommer begynte eg på denne vesten frå Dale Garn. I denne oppskrifta er det egentlig brukt Hubro, men eg synst det klør litt. Det fine med Hubro er at det er litt tyngde på, so vesten ligge nok finare i orginalgarnet. So eg brukte Pus (suprise) frå Du Store Alpakka. Grønt er ikkje alltid like fint hos alle leverandøra, men i Pus er den aldeles nydelig. Skikkelig fin mosegrønn. Eg har lenge ønska meg ei lang jakke i grønt, so eg kan bruke svarte kle under uten å bli for kjedelig. Eg er glad i svart, men lika å bruke farga til.

Eg strikka rundt og rundt, sydde og klipte opp. Orginalen på bildet.
Eg trur dinne egentlig skulle strikkast fram og tilbake i følge oppskrifta, men eg valgte å strikke rundt for so å klippe opp. Eg lika ikkje so godt å strikke vrangt, det blir ikkje like jevnt alltid. Jakka begynte eg på i sommer, men har vore på vent. Gikk raskt når eg begynte på den, men so tenkte eg å lage lange arma på den, og då stoppa ting litt opp. Mest fordi eg ikkje hadde oppskrift på armane og mått komponere dei sjølv.



Garn: Pus frå Du Store Alpakka (føle det garnet er en gjenganger på dinne bloggen ;-) )
Pinne: 9mm og 10mm
Oppskirft: Utgått frå Dale Garn nr 211



Sunniva (pus-elskeren)

søndag 1. februar 2015

Acne-genser i pus nr 2!

Eg har tidligare skreve om Acne-genseren som eg strikka i Pus. Den var litt liten, so eg strikka en til i større størrelse. No er den endelig ferdig, og fargane er litt annerledes i plasseringa. Grunnen for at halsen er kvit er at eg gjekk tom for garn. I tillegg var armane litt korte, so når eg var ferdig med resten tok eg opp vrangborda og strikka på ei stripe med kvitt på begge.

Legg merke til smilet ;-) Veldig fornøyd!

En litt lang og god genser for dagane då klesvalg ikkje blir heilt prioritert :-) Ogso er det litt lettare no når kjæresten kan ta bilder for meg :-)

Fint sammenbretta :-)

Oppskrift: Dale hefte 286 nr 1
Garn: Pus frå Du store alpakka
Pinnne: 8mm og 9mm


I gang med enda en ufo, på pinne 2,5!
No er eg i gang med siste UFOen eg har med til Volda, på pinne 2,5! Helde på med avslutninga no, so du skal sjå at den og kjem på bloggen. Snart.

Sunniva

torsdag 4. desember 2014

Acnegenser av Dale-oppskrift i Pus!

I vår var Acnegenseren som flinke Nostesjel.no har laga so utruleg populær. Vi solgte faerytale til den store gullmedaljen i butikken, og det vart nok mange genserar utover landet til slutt. Eg hadde lyst å strikke en sjøl, og sida eg jobba i garnbutikk hadde eg jo ikkje dårlig tid med å velje fargar. Men dette var før Du Store Alpakka lanserte Pus! Etter at dei gjorde det, fann eg ut at eg kunne strikke meg en genser i Pus, men med den same Daleoppskrifta som eg har brukt før. Eg lika jo raglanfellinga so godt. Og tjukkelsen. Og at det går fort. Og at den er varm. Eg frys jo sånn. Då måtte eg berre velje farge.


Endte opp med desse over. Er jo som kjent glad i blått/turkis/Petrol. Jadda.

Garnet heite pus, so då måtte pus bli med på bildet ;-)
Etter at eg begynte på skule har eg som sagt ikkje strikka so mykje. Eg begynte på denne i sommer, men var fyst ferdig til den 3 des. Flink til å prioritere studie? Kanskje litt, faktisk. Då eg slutta på butikken valgte eg å kjøpe nok garn til to genserar, fordi eg visste at den eg strikka på ville bli litt trang for meg. Strikkefastheten vart litt tettare enn oppskrifta, altså vart den litt mindre. Derfor tenkte eg å gje vekke den lisje til jul og lage en stor til meg.



Fakta:
Garn: Pus frå Du Store Alpakka
Pinne: 8mm på vrangbord og 9 mm på resten
Oppskrift: Frå Dale Garn, hefte 286
Mengde: ca 300 gram på den lisje.

Detta er den lisje. Brukte den på jobb i dag, so den vart ikkje so veldig liten. Litt kort i armane og bolen berre. Men veldig varm og god! So no er eg i gang med bolen på nr to! er spent på kordan den blir. Tenkte å ha den litt lengre, får strikke til eg er tom for garn!

Sunniva

Babyteppe i Dale Babyull

Bildet ligg på instagram, følg meg gjerne! @dehl_chan

Lenge sida ei oppdatering no. Skyldes blandt anna at eg har begynt på skulen i haust, og at eg då har prioritert å lese meir enn strikkinga. Men har no fått strikka litt likevel :-)

Fakta:
Garn: Dale Babyull, 350 gram
Mønster: Havskum
Pinne: 4,5 mm
Fargen er mint, og mest rett på det nederste bildet.

Dette teppet strikka eg fordi eg hadde lyst å prøve å strikke havskummønster igjen, og fordi eg ville strikke et babyteppe. Eg hadde ingen tenkt eigar til teppet, tenkte å strikke det og ha det i bakhand. Medan eg strikka det var eg på styremøte i Husflidslaget,og eg foreslo då a ha teppet som gevinst på Julemarkedet vårt. Teppet var då forsatt under strikking, men eg lovte at eg skulle være ferdig til Julemarkedet.

I veka før hadde eg mine to eksamenar, so det vart ikkje so mykje strikking då. Det medførte at når eg leverte teppet som gevinst på julemarkedet so var det litt fuktig nederst, men det var ikkje nåke problem når resten var tørt.

På bildet til venstre ser dåkke at eg helde på å helke en bølgekant på langsida av teppet, for å skjule min noget ujevne kant.Har i løpet av dete teppet utvikla en kant som er fin og fast, men det var litt krøkete i starten, so det vart en heklekant på heile langsidene.

Eg hadde vaska det for at det skulle strekke seg litt i lengda, og hengt det opp (ja, fy meg) for at det skulle strekke seg litt til. Personleg tykkjar eg det vart veldig bra, Teppet vart veldig stort, ca 1,5x1 meter.

Han som vant teppet viste seg å være barnebarnet til ho eine i styret, og han valgter det heilt sjøl. Veldig kjekt at en 10åring ville ha teppet, sjøl om det ikkje akkurat var den alderen eg hadde i tankane då eg strikka teppet. Han var veldig fornøyd i alle fall, so då er eg det og!

Sunniva

søndag 17. november 2013

Stripegenseren er ferdig!

Jippi! Etter timevis med trådfesting kan eg endelig seie at genseren er ferdig! Neste gong eg strikka striper, skal eg feste trådaar etter kvart. Ditta var mykje jobb på ein gong...

Litt trådar å feste her ja...
Trådane som er festa og klipt av.
Men sånn vart den altså.. Fritt etter ei oppskrift frå Dale-garn, med garn frå Frankrike. Les meir her.



Her er fargen rett


Eg er i det store og heile veldig fornøyd med dinne genseren. Veldig greit å strikke på tjukke pinnar, og går ikkje so mykje garn. Eg elska jo raglan, då sleppe men so mykje montering etterpå. Gjør ting litt enklare. (Når man sleppe å feste ein million trådar, vel og merke)

Garnforbruk av Cosmos str M:
Lilla/kvit fargekode 290 73: 200 garm
brun/kvit fargekode 290 84: 250 gram.

Jippi! Snart er snømannen ferdig og :-)

Sunniva

onsdag 30. oktober 2013

Skjerfet til Bjørnar

I fjor strikka eg eit skjerf til kjæresten til Maria. Då det fekk glasskår på seg i vår vaska Maria det i vaskemaskina, so det tova seg. Bjørnar var so lei seg for det, og lurte på om eg kunne strikke eit nytt til vinteren. No er vinteren nesten her, og skjerfet er klart! Oppskrift følger etter skrytebilder! :D

Nærbilder og nesten riktig farge!
Bjørnar ville ha det so langt at han fikk det en gang rundt halsen og at det dekka ned til der jakka hanna begynde. So det er ikkje kjempelang, berre 146 cm. Det synst han er nok :-)

146 meter langt.
Oppskrift på skjerf.
5 nøster Cotinga fra Dale, eg har brukt fargen 5472, Marineblå.
Pinne nr 4

Legg opp 50 masker på pinne nummer 4.

1. omgang: Ta første maske løs av. strikk en rett, en vrang ut pinnen. Siste masken strikkes alltid rett.
2. omgang: Som 1 omgang.
3. omgang: Ta første maske løs av, strikk en vrang, en rett ut pinnen.
4. omgang: Som 3 omgang.

Gjenta disse omgangene til du er nesten tom for garn, og fell av. Fest alle lause tråda. Tadaaaa!

Men sommeren var ikke død!
Eg var og besøkte min nesten voksne onkel på Kolbotn i dag. (Han er 83 år)  og då eg gjekk oppover til han kom eg forbi dinne lisje markblomsten! Kjekt at nåken forsatt klynga fast til sommeren ;-)

Sunniva

søndag 13. oktober 2013

Daleganseren med feil garn

Eg holde på å strikke en genser i Begere de France garn. Det er eit garn vi har i butikken min, som kjem frå Frankrike. Forskjellen på dette garnet og det Norske garnet vi er vandt med, er at kvalitetande som regel innehelde en del akryl. Det er jo både positivt og negativt. Positivt fordi det blir billigare og mjukare enn reint ullgarn, negativt fordi akryl smelta om vet blir utsatt for flamme.

Nytt favorittgarn
Uansett, eg hadde sett en del på Cosmos-garnet, og hadde eit ønske om å strikke nåke av det. Valget falt på Dale-genseren i hefte 286.  

Komt so langt
Som alle veit, er eg lykkelig når eg har tjukke pinnar og ting blir ferdig fort! Derfor er dinne genseren på pinne 8 og 9 perfekt! Som dåkke ser er eg ferdig med erme nr 1 og bolen, men har ikkje begynt på erme nr 2.Helde jo på med so mykje anna og :-)

Sunniva

onsdag 29. mai 2013

Korga!

Her er eit korginnlegg! Begynte på denne på fredag, og ferdig i dag:-) Brukte 7 nøster Hubro fra Dale garn. Pinne nr 10. Oppskrifta finn du her.


Undersida første kvelden.
Før toving
Etter toving

Her har eg satt glass inni for å strekke den ut medan den tørka:-)
Dette var mitt første prosjekt der eg tova frivillig:-) Har tova med ein feiltaglse før...kremt. Blir spennande å sjå kordan dinne blir når den er tørka. Kanskje vi kan bruke den i butikken:-)

Sunniva