fredag 17. april 2015

Kordan får man tid!?

Det fine med å bu litt uttafor Oslo er at du må ta kollektivtransport. Kollektivtransport tar lang tid. Altså mykje tid som man kan bruke på galskapen nupereller (Igjen, eg veit.) Nåke som og er veldig fint er at eg har en foreleser som prata seg vekk nåke voldsomt i timane, so han treng ikkje alltid full oppmerksomhet. Og eg har en nuperelleskyttel som ikkje laga lyd. Altså, mykje god tid til å nuppe på. Sånt blir det smykker av!


For dei som lurer er dehl_chan Instagramkontoen min. Der eg og legge ut bilder av det eg har laga. 


Desse to smykka er som du sikkert ser likt mønster på, men forskjellige fargar, Nåke som er veldig gøy å eksperimentere med :-)




Og ikkjeminst øyredobbar. Eg er ikkje so veldig komfortabel med å bruke mykje perler, og drive å utfordra meg sjøl der. Må seie at eg er ganske fornøyd.



Ditte smykket har dåkke sett før, men uten øyredobbar. Fått mykje skryt for dette, og er veldig fornøyd sjøl. Mangla bare hekter, forsatt.

Sunniva, som no ofte glømme å gå av på rett stopp....


mandag 13. april 2015

To nye halskjeder...

...i nupereller. Blitt heilt hekta. Eg lagar ganske mange kjeder no etterkvart, og lure på å opprette eiga bedrift og selge på markeder på si. Er jo ikkje akkurat nåke å leve av. Men kjekt å jobbe med og prøve ut nye fargar og fasongar! Nåken som har tips og erfaringar?




Dette smykket laga eg etter dette smykket, men ville prøve perler på det. Når eg festa perlene vart det mykje tettare mellom rosettane, so det gjekk med mykje meir garn og perler enn det det gjorde på den forrige.


Du kan følje meg på instagram, dehl_chan

Dette er et mønster som er innspirert av et smykke eg såg på instagram. Smykket var uten mønster, so eg tegna og prøvde ut sjøl. Veldig fornøyd med perlene. Ikkje min type smykke med so mykje stesj på, men må seie at eg er veldig fornøyd.

Garnet er som vanlig fra Hobbyverden, Lizbeth 20. Farge svart og kvit. Gullperlene er frå Panduro, og dei rosa har eg hatt i mange år. Dei falske perlene fekk eg i presang frå husvertinna mi. Passa perfekt til det svarte smykket! Kanskje eg må lage fleire... So var det studier og sånn då... I sommer skal det nuppast!

Sunniva

onsdag 8. april 2015

Nuppa øyredobbar

Jada, godt i siget her no ja. Men det er jo so kjekt! Mønsteret til denne er same som øyredobbane i forrige post.



Fakta:
Garn Lizbeth 20, Snow White
Gullfarga perler og putte-inn-i-øyret-ting. (Ka kalla man den egentlig?)
Perlene har eg hatt usansynlig lenge, so dei veit eg ikkje kor eg kjøpte. Garnet og putte-i-øyret-tinga kjem fra www.hobbyverden.no. Min dealer ;-)





Mønsteret til denne fant eg på Facebookgruppa til nuperelle-klubben. Ambefalast om du er med på facebook :-)

Nuppete helsing Sunniva

mandag 6. april 2015

Smykke i nupereller!

No er eg begynt å bli farlig glad i nupereller! På instagram finst der mykje fint, og eg har no tråla igjennom nupereller på mange ukjente språk :D Eg skal prøve å lage dei som eg synst er finaste. Problemet er at det som regel ikje står mønster der, so eg må lage mønsteret sjøl. Men litt utfordringar må man ha ;-) Mamma har lovt å lage ei bok til meg der eg kan ha mønstera mine i, so eg gleda meg til den kjem!


Her er bilde av det fyste smykket eg lagde i nupereller. Det vart altfor lett, fordi det ikkje har nåken perler på, so det veie ca 3 gram. Som du ser "flagra" det litt. For å få det til å ligge bedre har eg no limt på perler, og då blir det litt meir tyngde på, so det ligge finare!


Fakta:
Garn: Lizbeth 20-158
Du treng kun en skyttel og nøstet for å lage dette smykket, dersom du har skyttel med krok på. Smykket er laga i ei lang remse. Eg bestille garnet og utstyret frå www.hobbyverden.no, skikkelig god service, og varene kjem raskt! Nettbutikken er norsk, so man treng ikkje å tenkje på toll.

Har laga øydeobbar so passar til, to forskjellige. Kaforein er din favoritt?




Her er eit smykke til eg har laga. Dette er laga kvar "blomst" kvar for seg, ogso festa saman etterkvart. Det gjør at det er lettare å halde tunga rett i munnen, og det er ikkje ei tragedie om du gjør feil.


Her er og øyredobbar til, desse vise fargen rett.


Fakta:
Garn: Lizbeth 20-149
Du treng kun en skyttel og nøstet for å lage dette smykket. Og ei helkenål.

Skal inrømme at eg kosa meg med nuperellene, sjøl om ar det er putlearbeid. Veldig glad i perler, so det er kjekt å endelig få brukt alle dei eg har :-)

Sunniva

mandag 23. mars 2015

Mia er ferdig!

Ah, ingenting er so deilig som å bli ferdig med å skrive ei oppgave. No hadde eg riktig nok ikkje hastverk med denne oppgava, for den skal ikkje inn før om ei veke, men det er deilig å være ferdig når man føler at man har vridd hjerna både vel og lenge.

På strikkefronten har det skjedd litt sida sist. Eg har blitt ferdig med denne frå Sandnes-garn, en Leila Hafzi-genser måvite. Det var lenge en UFO, men no er den en FO :D

Linselusa måtte bli med. veldig blått bilde her.
Fakta:
Garnet er Sandnes Alpakka Silke,
Farge 4554, mørkelilla


Under strikking. Her er fargen korrekt

Mønsteret er frå Leila Hafzi sitt hefte nr 2, modell nummer 3, Mia. Eg strikka den i L, sida brystvidden er litt liten i størrelsen. I tillegg felte eg fleire masker i halsen for å få den litt tettare.

Veldig greit strikk, mitt fyste store prosjekt på so tynne pinnar. Veldig glad for at eg vart ferdig, om enn litt seint...


Alltid litt skummelt når man vaska plagget for fyste gong, er son regel en del overskuddsfarge som skal til pers då. Eller skit frå strikkinga. Er ikkje alltid garnet er heilt reint, man veit aldri kor det kan ha vært før man får tak i det. Vasking er unasett en god ting for å få plagget i form, og for å være sikker på at alt er som det skal være når man gir det i frå seg.




Dette er ei grei oppskrift, og eg trur eg kjem til å strikke fleire av den, men sikkert med anna garn :-)

fredag 20. mars 2015

Det nuppar seg

For føste gang er eg glad for at nåke "nuppar" seg. Det er jo selfølgelig nuperellene. Dei nydelige små nuperellene. Etter å ha laga masse småting, har eg no begynt på mitt fyste store prosjekt der. Eg følge oppskifta på dette bildet.



Er selfølgelig en blomsterduk. Var litt spent på kordan det kom til å gå ditte her, men etter å ha "nuppa" nåken omganga går det som smurt! Å lese mønsteret er ikkje nåke problem, og det blir fint og jevnt. Mestringsfølelse! :D




Gleda meg til å begynde på blomstrane, eg er snart ferdig med alle dei innerste sirklane :-) Garnet heite Babylo 30 frå DMC, og eg prøva meg med en lyseblå.

Her er litt smårusk som eg har prøvd meg på. Mini-sommerfuglar, armbånd med perler og kropp+ en vinge på dragen. Alle oppskriftene er funne på nett.


sommerfuglar + drage+ armbånd

Hin dagen var vi so heldig å sjå Nordlys her i Volda. Eg fekk ikkje so gode bilder med mitt mobilkamera, men litt vart det no likevel:


Forsettelse på nuperelleduken kjem!
Sunniva

Hullkjolen

Eg var so heldig at mamma kjøpte det nye Familien Trend til meg! Forsida er ikkje so spennande, men veldig bra innhold! Veldig fornøyd med ei blanding av søm, strikk og hekling. Spesielt fornøyd med at der var sømmønster til kjole, eg har en del stoff som eg har lyst til å få til nåke fornuftig av. For ei stund tilbake fekk eg en del stoff av ei venninne i husflidslaget, og klør i fingare etter å lage nåke flott! Problemet er at eg er perfeksjonist, og eg har ikke lyst å ødelegge stoffet og ikkje klare å sy nåke fint utav det. So eg begynte med nåke eg kan, strikkinga :-)


Denne skal strikkast!
På denne har eg brukt garn frå garnlageret mitt, bomullsgran som eg har kjøpt no og då når eg er innom Søstrene Grene. Dei har so mange fine fargar, og eg har kjøpt med meg et nøste her og et nøste der, med klutstrikk i tankane.



Og vi er i gang!

Fakta:
Garn: Bomullsgarnet til Søstrene Grene
Pinne 5 med dobbelt garn
Oppskrift: Familien Trend.

Den er forsatt under strikking, so kjem ferdig bilde når den er klar.