onsdag 24. april 2013

Englegenseren!

Då var eg ferdig med englegenseren! Var litt vanskeligare enn eg trudde å feste armane på bolen, så den er ikkje heilt perfekt, men eg er veldig fornøyd! Eg har sett mykje gensera som er "holete" i butikkane no, og sett at ein del av garnleverandørane har noko lignade i sitt sortimang for våren. Sandnes har i dette heftet, modell 6, og PT har denne.
Tilbake til genseren. Det gikk med kjempelite garn:-) Det er jo for det meste luft den genseren består av, så det er jo ikkje so rart... Eg brukte i underkant av 2 nøster Faerytale, og den veg bare 82 gram. Eg er ingen racer på å skrive oppskrifter, så eg har prøvd meg på den denne. Beklager om den er uforståelig, bare spør om det er noko:-) Under bildet kjem "oppskrifta"...

Å ta bilde av seg sjølv er ikkje alltid lett...

Bol: lag 150 luftmasker, eller nok til at det går rundt livet på deg sjølv med litt ekstra plass. Fest i hop til ein ring med ei kjedemaske. Lag så to englemasker og fest dei i ringen i ca 4 engelmaska. Fortsett heile vegen rundt. Lag så to englemasker og fest dei i den første englemaska du laga. Lag så to nye og fest den englemaska som er festa på ringen. Fortsett med dette rundt og rundt til du har laga bolen så lang du vil ha den, ca 50 cm. Legg bolen til side og lag ermer.

Ermer: lag 24 luftmasker. Fest dei med ei kjedemaske så du får en ring. Lag så to englemasker og fest dei i ringen i 4 luftmaska. Gjenta til du har festa englemasker i kvar fjerde luftmaske. Lag så to englemasker og fest dei i den første englemaska du laga. Lag så to nye og fest den englemaska som er festa på ringen. Forsett med dette rundt og rundt til du har laga ermet så langt du vil, ca 60 cm. Lag så en til på samme måte.

Montering: Hekle på erme ved hjelp av ei englemaske fra bolen, og fest den i ein fra ERMET. lag så ei englemaske fra ermet og fest den i bolen. Gjør sånn 8 gangar til sammen. Hekle til du kjem til andre sida av bolen, og gjør det same med det andre ermet. Etter at du har festa på det ermet med 8 englemasker, hekla du til du møter det fyrste ermet igjen. Her skal du snu. Eg har ikkje funne ein god måte å få snudd på, så mi snuing vart sjåande sånn ut:

Hekle så tilbake til du møter ermet igjen. Hekle ei englemaske og tre luftmasker. Luftmaskene skal brukast som kant i halsen. Fest så med ei fastmaske der to englemasker møtast, og forsett rundt heile kanten til du har fest alle englemaskene som "stikke opp" i luftmasker. Fest alle trådar:-)

Håpa oppskrifta var forståelig, skal prøve å få tatt betre bilde når kjæresten kjem heim:-)

Sunniva

2 kommentarer:

  1. Englemasker er noko eg og har hatt lyst til å lære. Skal søke opp videoen og prøve å lære meg det. (Eller så blir det kurs med deg i sommar):-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Om du trykke på linken, so kjem den opp, tanta:-) Eg kan godt kurse deg i sommer! Ellers kan mamma det og ;-)
      Hels onkel!
      Stor klem fra Sunniva

      Slett