lørdag 20. april 2013

Putene!

Her kjeme eit lite innlegg med putene eg har både hekla og strikka. Eg er veldig glad i mønstera eg får av handarbeid, og tykkjer ofte dei er finare enn kjøpeputer.


Den kvite puta er jo veldig enkel. Der er lagt opp 68 masker på pinne 12 og strikka rett på rundpinne til arbeidet passa til puta. Her ei 40x45 cm pute. Den er strikka i kvit Traphilo, som er bomull som er avskjer frå tekstislbransjen. Utnytting av alt ein kan:-) Dessverre ser det ut til at dei har lagt ned sitt salg i Noreg, men det er enda mogeleg å få tak i nøster rundt omkring:-)

Pute nr to har eg akkurat strikka. Den er med oppskrift på klutar fra Ulla-Bella
der eg har laga ein stor til baksida. På forsida har eg laga ein liten som eg har snudd litt på. Deretter har eg byrja på nytt med nye klutar, men avslutta so dei vart hjørner. Dei lagde eg 4 stk av. Etterpå var det bare å sy delane saman, og sette i knappar. Knappane er mine favorittar, eg fekk dei av mamma for nokre år sida. Veit nokon kvar eg kan få tak i fleire og kva dei kosta? Eg hadde ikkje strikka knappehol, eg brukte hola som vart frå kasta i mønsteret. Pinnen eg har brukt her er 4 mm. Garnet er frå den tyrkiske sida ICE yarns. Når man bestille herifrå må man huske at beløpet må komme på UNDER 200 kr, for å unngå toll. Garnet er blanding av Bambus og Microakryl. Veldig godt å strikke av, og delar seg ikkje i det heile tatt! Bambus er veldig kjekt fordi det er bakteriehemmande:-) Brukte nesten 2 nøster på denne, og puta er 40x40 cm


Favorittknappane. Haideskallar,eg veit! :D

Den siste puta har eg fårr hjelp av ho mor. På forsida har eg hekla oldemorsruter/bestemorsruter, men berre ei stor. Garnet eg har brukt er Viking Balder. Eg er veldig glad i fargespillet i dette garnet, då det er tvinna  med forskjllige meleringer, så det blir skjelden forutsigbart. Balder er på hesper, så her er det frem med hespetreet! Brukte vel ca 1 nøste på denne., heklekork nr 9. Ser du skjøyten min? Eg måtte skjøyte på med noko garn eg hadde liggande, fordi eg var akkurat tom!  Derfro er det ekstra fint at Balder har meleringar, då synst det ikkje so godt:-) Baksida er det mamma som har sydd. Ho er kjempeflink med symaskina! Akkurat her er det lite magi som har vore på ferde, men om ho får frie tøyla er ho utan sidestykke! (Eg har en drøm om bli like flink, en dag...) Her har ho sydd i glidelås for meg. Veldig fornøyd datter:-)

Skjøyten er dei 9 stavane i nederst som er mørkeblå:-)

Baksida

Ellers er det håp om vår ute no! Ei lita Blåstjerne (favorittfargen tilogmed!) er på vei opp:-)




God helg, alle sammen!
Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar