mandag 23. mars 2015

Mia er ferdig!

Ah, ingenting er so deilig som å bli ferdig med å skrive ei oppgave. No hadde eg riktig nok ikkje hastverk med denne oppgava, for den skal ikkje inn før om ei veke, men det er deilig å være ferdig når man føler at man har vridd hjerna både vel og lenge.

På strikkefronten har det skjedd litt sida sist. Eg har blitt ferdig med denne frå Sandnes-garn, en Leila Hafzi-genser måvite. Det var lenge en UFO, men no er den en FO :D

Linselusa måtte bli med. veldig blått bilde her.
Fakta:
Garnet er Sandnes Alpakka Silke,
Farge 4554, mørkelilla


Under strikking. Her er fargen korrekt

Mønsteret er frå Leila Hafzi sitt hefte nr 2, modell nummer 3, Mia. Eg strikka den i L, sida brystvidden er litt liten i størrelsen. I tillegg felte eg fleire masker i halsen for å få den litt tettare.

Veldig greit strikk, mitt fyste store prosjekt på so tynne pinnar. Veldig glad for at eg vart ferdig, om enn litt seint...


Alltid litt skummelt når man vaska plagget for fyste gong, er son regel en del overskuddsfarge som skal til pers då. Eller skit frå strikkinga. Er ikkje alltid garnet er heilt reint, man veit aldri kor det kan ha vært før man får tak i det. Vasking er unasett en god ting for å få plagget i form, og for å være sikker på at alt er som det skal være når man gir det i frå seg.




Dette er ei grei oppskrift, og eg trur eg kjem til å strikke fleire av den, men sikkert med anna garn :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar