Eg var so heldig at mamma kjøpte det nye Familien Trend til meg! Forsida er ikkje so spennande, men veldig bra innhold! Veldig fornøyd med ei blanding av søm, strikk og hekling. Spesielt fornøyd med at der var sømmønster til kjole, eg har en del stoff som eg har lyst til å få til nåke fornuftig av. For ei stund tilbake fekk eg en del stoff av ei venninne i husflidslaget, og klør i fingare etter å lage nåke flott! Problemet er at eg er perfeksjonist, og eg har ikke lyst å ødelegge stoffet og ikkje klare å sy nåke fint utav det. So eg begynte med nåke eg kan, strikkinga :-)
|
Denne skal strikkast! |
På denne har eg brukt garn frå garnlageret mitt, bomullsgran som eg har kjøpt no og då når eg er innom Søstrene Grene. Dei har so mange fine fargar, og eg har kjøpt med meg et nøste her og et nøste der, med klutstrikk i tankane.
Og vi er i gang!
Fakta:
Garn: Bomullsgarnet til Søstrene Grene
Pinne 5 med dobbelt garn
Oppskrift: Familien Trend.
Den er forsatt under strikking, so kjem ferdig bilde når den er klar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar