mandag 29. april 2013

Teppe, Gryteklutar og Vase...

Dette teppet strikka eg då eg ikkje fann eit som passa til golvet vårt.Vi har ei veldig lita stue, so utfordringa var å finne eit lite nok i rette fargane...


Teppet er strikka i Traphilo. Eg bestilte en del derifrå når dei hadde salg, og det vart eit teppe. Har vel brukt ca 6 nøster her.


Gryteklutane er strikka i Mandarin Classic fra Sandnes, som dessverre har gått ut. Oppskrifta er ganske enkel:

Pinne: Liten rundpinne 5
Garn: 5 nøster Mandarin Classic eller tilsvarande bomullsgarn
Gryteklutane strikkast rundt. Legg opp 80 masker.
1. pinne: kast, to rett, kastet over dei to rette. Forsett med dette til du har komt rundt.
2. pinne: rett.

Gjenta til passe bredde.

Eg har sydd oppe og nede, og hekla ei løkke for oppheng:-)




Ideen under har eg fått frå ein eller anna blogg eg har surfa på. Her tar du rett og slett litt garn og ein limpistol, og surrar garnet rundt ei tom flaske til du har dekt heile. Gjenbruk:-)

Håpar dykk fekk litt idear:-)

Sunniva



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar