torsdag 4. desember 2014

Acnegenser av Dale-oppskrift i Pus!

I vår var Acnegenseren som flinke Nostesjel.no har laga so utruleg populær. Vi solgte faerytale til den store gullmedaljen i butikken, og det vart nok mange genserar utover landet til slutt. Eg hadde lyst å strikke en sjøl, og sida eg jobba i garnbutikk hadde eg jo ikkje dårlig tid med å velje fargar. Men dette var før Du Store Alpakka lanserte Pus! Etter at dei gjorde det, fann eg ut at eg kunne strikke meg en genser i Pus, men med den same Daleoppskrifta som eg har brukt før. Eg lika jo raglanfellinga so godt. Og tjukkelsen. Og at det går fort. Og at den er varm. Eg frys jo sånn. Då måtte eg berre velje farge.


Endte opp med desse over. Er jo som kjent glad i blått/turkis/Petrol. Jadda.

Garnet heite pus, so då måtte pus bli med på bildet ;-)
Etter at eg begynte på skule har eg som sagt ikkje strikka so mykje. Eg begynte på denne i sommer, men var fyst ferdig til den 3 des. Flink til å prioritere studie? Kanskje litt, faktisk. Då eg slutta på butikken valgte eg å kjøpe nok garn til to genserar, fordi eg visste at den eg strikka på ville bli litt trang for meg. Strikkefastheten vart litt tettare enn oppskrifta, altså vart den litt mindre. Derfor tenkte eg å gje vekke den lisje til jul og lage en stor til meg.



Fakta:
Garn: Pus frå Du Store Alpakka
Pinne: 8mm på vrangbord og 9 mm på resten
Oppskrift: Frå Dale Garn, hefte 286
Mengde: ca 300 gram på den lisje.

Detta er den lisje. Brukte den på jobb i dag, so den vart ikkje so veldig liten. Litt kort i armane og bolen berre. Men veldig varm og god! So no er eg i gang med bolen på nr to! er spent på kordan den blir. Tenkte å ha den litt lengre, får strikke til eg er tom for garn!

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar