Viser innlegg med etiketten Gave. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gave. Vis alle innlegg

tirsdag 9. juni 2015

Trekantpungen, how to do!

Her kjem ei lita kjapp oppskrift på trekantpungen. Det fyste eg gjorde var å finne frem passande stoff og klippe det til. Måla eg brukte var 34 cm på kantane, og brukte ei gradeskive for å få 60 grader på vinklane for å få ei likesida trekant (Som det heiter på fagspråket). Klipp ut i to forkjellige stoff om du vil det, eller det kan være frå same stoffet. Du bestem! Eg har valgt to ulike.

Stoffa ferdig klipt til.

Nåla står litt til høgre.

Eg la stoffa rette mot rette, festa med knappenåler og sydde rundt. Husk og la det være igjen et lite hol so du får vrengt trekanten. Eg har brukt å ha nåla til høgre når eg syr, sånn at det ikkje går vekk so mykje stoff.

Klar for vrenging.
Etter at du har vrengt den syr du igjen det lisje holet enten for hånd eller maskin. Samle dei tre hjørna. No skal du feste med knappenåler "veggane" i pungen, slik at du kan sy dei. No må du og velje kva side som skal være ut, og kva som skal være inn. Eg har brukt å ha det mørkaste stoffet inni, for då får det en fineffekt på utsida når du bretta ned hjørna, men det velje du utifrå kva stoff du vil skal synest best.




Deretter er det berre å sy! Eg har sydd til litt over halvvegen, men bare litt. So bretta du ned hjørna, finn ei fin perle eller knapp som du syr fast på. Dette er for at du skal ha noko å feste snora i.

So langt har eg sydd!

Sånn vil den bli sjåande ut no ovanfrå.

Lukka

Litt opna.
Tre i ei passande snor eller bånd. Eg har brukt ei perle med litt stort hol til å holde snora/båndet på plass, for å stramme og slakke båndet. Det som er so fint med båndet er at når du ikkje syr so langt opp blir opninga litt stor so du kan sjå og ha nedi ting med litt størrelse på, men snora vil likevel lukke pungen godt.

Håpa denne var til noko hjelp for nåken et sted :-)

Sunniva

onsdag 20. mai 2015

Grønt smykke og et svart skoggrønt

Igjen. Denne gangen med eit anna mønster. Veldig fornøyd med fargane på denne.




Garnet er som vanlig Lizbeth 20. Perlene er kjøpt på TGR.


Det andre smykket er til ei venninne. Ho ville ha et svart og skoggrønt, so eg håpa ho blir fornøyd. Det er på vei i posten no. Perlene her er frå TGR og Søstrene Grene.

Sunniva

Gerilljaanheng

Mange har sikkert hørt gerilljastrikk/broderi, der man brodera "hjem, grusomme hjem" for eksempel. Eg har laga et anheng til ei venninne som eg lika å sjå på som et "gerilljaanheng" det er jo ikkje akkurat det, men det bryter likevel med det klassiske innen den sjangeren, so eg tar meg friheten likevel. Vi er jo begge to interessert i metal og hard rock, so det er jo passande til begge egentlig.



Sånn vart det sjåande ut. fagane er jo det same som smykke eg lagde til mamma som er langre nede på sida, men likevel blir det forskjellig når man får på haudeskallen :-) Fargen på perlene blir som vanlig ikkje heilt rett, då dei er meir lilla enn blå.

Sunniva

fredag 30. januar 2015

Votter og tøfler i Alfa!

Ei venninne av meg fekk eit rosa vottepar av meg til julegåve for nokre år sida. So ymta frem på at ho synst lilla er en fin farge og, so til jul i fjor strikka eg eit par i lille til ho. Eg hadde vore innom garnbutikken i Ørsta, og dei hadde tilbod på Alfa frå Sandnes gran. So då slo eg til og kjøpte 4 nøster i ein fin lillatone. Her er eit bilde av vottane under produksjon. Eg ser no at eg ikkje har tatt bilde av ferdig prdoukt, dessverre.



Fakta:
Garn: Alfa frå Sandnes garn
Mengde: 100 gram på vottane, 100 gram til tøflene
Pinne: 5 mm
Oppskrifta på vottane er sjølvkomponert.
Oppskrifta på tøflene er det bildet her, som eg fann på sktrikkesida på facebook. Last det ned for å sjå beire.





So håpar nåken fleire frå nytte av oppskrifta, den fungerte fint til Alfagarn, sjølv om det ikkje passa heilt med strikkefastheta. På pinne 5 var den i alle fall perfekt.


Sunniva

torsdag 4. desember 2014

Acnegenser av Dale-oppskrift i Pus!

I vår var Acnegenseren som flinke Nostesjel.no har laga so utruleg populær. Vi solgte faerytale til den store gullmedaljen i butikken, og det vart nok mange genserar utover landet til slutt. Eg hadde lyst å strikke en sjøl, og sida eg jobba i garnbutikk hadde eg jo ikkje dårlig tid med å velje fargar. Men dette var før Du Store Alpakka lanserte Pus! Etter at dei gjorde det, fann eg ut at eg kunne strikke meg en genser i Pus, men med den same Daleoppskrifta som eg har brukt før. Eg lika jo raglanfellinga so godt. Og tjukkelsen. Og at det går fort. Og at den er varm. Eg frys jo sånn. Då måtte eg berre velje farge.


Endte opp med desse over. Er jo som kjent glad i blått/turkis/Petrol. Jadda.

Garnet heite pus, so då måtte pus bli med på bildet ;-)
Etter at eg begynte på skule har eg som sagt ikkje strikka so mykje. Eg begynte på denne i sommer, men var fyst ferdig til den 3 des. Flink til å prioritere studie? Kanskje litt, faktisk. Då eg slutta på butikken valgte eg å kjøpe nok garn til to genserar, fordi eg visste at den eg strikka på ville bli litt trang for meg. Strikkefastheten vart litt tettare enn oppskrifta, altså vart den litt mindre. Derfor tenkte eg å gje vekke den lisje til jul og lage en stor til meg.



Fakta:
Garn: Pus frå Du Store Alpakka
Pinne: 8mm på vrangbord og 9 mm på resten
Oppskrift: Frå Dale Garn, hefte 286
Mengde: ca 300 gram på den lisje.

Detta er den lisje. Brukte den på jobb i dag, so den vart ikkje so veldig liten. Litt kort i armane og bolen berre. Men veldig varm og god! So no er eg i gang med bolen på nr to! er spent på kordan den blir. Tenkte å ha den litt lengre, får strikke til eg er tom for garn!

Sunniva

Juleønske før eksamen!

Bror min er ikkje den materielle typen. Til bursdagen ønska han seg ingenting, og til jul hadde han ikkje store ønske då heller. Heilt til kulda kom i Oslo. Han er skalla. Han ønska seg plutselig ei hue gitt! Ønsket kom på en fredag, og same dag var eg ute og kjøpte garn på Strikkedilla på Oslo City. På forhånd hadde eg bedt han om å stikke en tur innom Drops sine sider for å sjå om han fann ei hue han likte, og etter litt sendte han meg link på denne, med teksten "Noke sånt, basically. It has hue-properties. Head gets warm." So når eg hadde fått et ønske på ei so enkel hue tenkte eg at eg skulle klare det før eg møtte han på søndag same helg. Sjøl om det var eksamen komande og sånn. (litt avveksling må man ha, ikkje sant?)

Merinoull frå Sandes, med resten eg hadde igjen.
So eg strikka heile lørdag når eg var med husflidslaget (litt meir avveksling), og på vei til fest på lørdag (1 times busstur kvar vei er veldig kjekt med strikketøy). På søndag vart det lesing før eg for for å møte brørene for film og middag. Medan vi såg film forsatte eg å strikke, og vart ferdig med hua i løpet av kvelden.



Fakta:
Garn: Merinoull frå Sandnes
Oppskrift : Denne frå Drops
Pinne 40 cm 3,5 cm
Mengde: under 150  gram

Det fine med denne hua er at den er elastisk, so den passar bror min, som er litt stor i pappen. Eg la opp etter den største oppskrifta, fordi eg visste den kom til å bli elastisk. Felling på denne hua skjønte eg ikkje heilt, so eg slo meg til ro med å strikke to og to saman etter merka oppskrifta anbefalte. So lenge man gjør den same feilen heile veien veit ikkje folk at det er feil ;-)


Sunniva

Babyteppe i Dale Babyull

Bildet ligg på instagram, følg meg gjerne! @dehl_chan

Lenge sida ei oppdatering no. Skyldes blandt anna at eg har begynt på skulen i haust, og at eg då har prioritert å lese meir enn strikkinga. Men har no fått strikka litt likevel :-)

Fakta:
Garn: Dale Babyull, 350 gram
Mønster: Havskum
Pinne: 4,5 mm
Fargen er mint, og mest rett på det nederste bildet.

Dette teppet strikka eg fordi eg hadde lyst å prøve å strikke havskummønster igjen, og fordi eg ville strikke et babyteppe. Eg hadde ingen tenkt eigar til teppet, tenkte å strikke det og ha det i bakhand. Medan eg strikka det var eg på styremøte i Husflidslaget,og eg foreslo då a ha teppet som gevinst på Julemarkedet vårt. Teppet var då forsatt under strikking, men eg lovte at eg skulle være ferdig til Julemarkedet.

I veka før hadde eg mine to eksamenar, so det vart ikkje so mykje strikking då. Det medførte at når eg leverte teppet som gevinst på julemarkedet so var det litt fuktig nederst, men det var ikkje nåke problem når resten var tørt.

På bildet til venstre ser dåkke at eg helde på å helke en bølgekant på langsida av teppet, for å skjule min noget ujevne kant.Har i løpet av dete teppet utvikla en kant som er fin og fast, men det var litt krøkete i starten, so det vart en heklekant på heile langsidene.

Eg hadde vaska det for at det skulle strekke seg litt i lengda, og hengt det opp (ja, fy meg) for at det skulle strekke seg litt til. Personleg tykkjar eg det vart veldig bra, Teppet vart veldig stort, ca 1,5x1 meter.

Han som vant teppet viste seg å være barnebarnet til ho eine i styret, og han valgter det heilt sjøl. Veldig kjekt at en 10åring ville ha teppet, sjøl om det ikkje akkurat var den alderen eg hadde i tankane då eg strikka teppet. Han var veldig fornøyd i alle fall, so då er eg det og!

Sunniva

torsdag 26. desember 2013

Hemmeligheten

Ditte arbeidet har eg holdt på med sida i sommer. (Arbeidet var ein julepresang, derfor kjem den etter jul) Eg fekk innspirasjon frå denne, og då var det berre å sette i gang. Denne er til mammaen min!


Eg valgte å strikke den frå sida.
Garn: 200 g Faerytale, utgått farge 721
Pinne: 4 mm



Oppskrift: Legg opp 157 masker på pinne nr 4, gjerne stramt. Strikk 7 rette *3 vrange, 7 rette* Gjenta mellom *-* ut pinnen. Snu og strikk motsatt tilbake, 7 vr, 3 r, 7 vr. Forsett slik til du har strikka langt nok til at det går rundt skuldrane dine. Min var 103 cm, sida eg og mamma er ca like breie over skuldrane. Eg felte stramt av, sydde saman i enden og i starten og stramma so det rynka seg.

Blomstrane har eg helka på frihånd, uten oppskrift. Om nåken har lyst å prøve seg på helka blomster kan dei sjekke ut denne. So sydde eg på blomstrane. Vart tre stykker i forskjellige strørrelsa, plassert på ekte Blomsterdekoratør-vis.

Hadde akkurat nok garn, kan man seie...
Sånn vart den, då er det bare å vente på at mamma får prøvd den.



Det som var det verste med denne var at det tok so SINNSJUKT lang tid å strikke den. Eg er ikkje vandt med å strikke so tynne pinnar og so mykje. So det var eit evighetsprosjekt som eg jobba med om sommeren då eg jobba fulltid på Lambertseter. Daglig leder og sjefen sjøl var på ferie, so eg hadde ansvar for bestillingar og butikken. Det var veldig rolig innimellom, so då vart det en del strikking. Veldig kjekt, for då fekk eg ein forsmak på kva det ville seie å være butikksjef, noko som har komt godt med, sida eg ikkje ville visst kva eg skulle gjort på jobb ellers.... Egentlig veldig kjekt å ha strikka denne, eg er blitt en racer på å strikke vrangt!

Håpa alle har ei flott romjul.
Sunniva

fredag 6. desember 2013

To halsar på ein kveld

I går prøvde eg meg på noget populære Science Fiction-serien Doctor Who. Og måtte selfølgelig ha nåke å henge fingrane/henda på. Drive med litt julepresanga til folk som ikkje veit at eg har blogg, so eg tar ein råsjangs og legge det ut her før jul ;-)



Først ute var strikking på henda, som eg har gjort en del av i det siste. Som vanleg dobbel Tumble frå Rowan. Dinne gongen fargen 566, Sky til ei venninde med matchande augefarge. No vart det ein hals i staden for skjerf, då eg la opp med 16 masker i staden for 10 som vanleg. Resultatet vart ein stor og god hal som går to gongar rundt :-)




Nummer to var Alpaca Chunky frå Rowan det og. 2 nøster her og, farge 79. Denne prøvde eg fyst på henda, men den er ikkje like fluffy so den dekke ikkje like mykje. So eg tok opp det og strikka glattstrikk på pinne nr 20. Då vart det litt laust, men ikkje for laust. Eg hadde kjøpt med to nøster so det vart en liten hals til frøkna. Hon er meir stilig og rein i stilen, so denne passa nok godt til ho.



So no er dei spenn klare og venta kun på innpakningspapir. På søndag skal vi lage pepperkakehus, det blir spennande :-)

Sunniva


tirsdag 12. november 2013

Pakken er pakkeklar!

Har jo tidligare skreve om nåken tubesokka som eg har strikka til ei venninne av meg som endelig er gravid.  Plutselig var det tvillinga på gang, so det vart eit par til. Eg tenkte at eg skulle prøve å lage ei litt søt eske til ho å ha sokkane i, sånn at det blir en skikkelig gave. Eg har lenge vore på utkikk etter ei passande, og når eg jobba i garnbutikk får vi inn masse småesker innimellom, men eg har ikkje funne ei som har passa. So eg tok ei eske eg fekk nåken malingsprøver fra flugger på i sommer, og malte den :D


Papiret med Blåmeisene kjøpte eg på panduro. Eg har klipt det til og malt rundt so det ikkje skal være so synlige kanta, og festa det med Decoupagelim. Ka no enn det er fornåke, men dama på Panduro sa det var bra, so eg prøvde. Det gikk :-)





Her er bilde med sokkane. No veit eg at det blir to gutar, so då vart det blått på begge :-) Tekte å ha band rundt, litt usikker på om eg skal ha blått eller kvitt. Uansett, so godt som ferdig, og i god tid før termin! :D

Sunniva