Viser innlegg med etiketten Symaskin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Symaskin. Vis alle innlegg

tirsdag 9. juni 2015

Trekantpungen, how to do!

Her kjem ei lita kjapp oppskrift på trekantpungen. Det fyste eg gjorde var å finne frem passande stoff og klippe det til. Måla eg brukte var 34 cm på kantane, og brukte ei gradeskive for å få 60 grader på vinklane for å få ei likesida trekant (Som det heiter på fagspråket). Klipp ut i to forkjellige stoff om du vil det, eller det kan være frå same stoffet. Du bestem! Eg har valgt to ulike.

Stoffa ferdig klipt til.

Nåla står litt til høgre.

Eg la stoffa rette mot rette, festa med knappenåler og sydde rundt. Husk og la det være igjen et lite hol so du får vrengt trekanten. Eg har brukt å ha nåla til høgre når eg syr, sånn at det ikkje går vekk so mykje stoff.

Klar for vrenging.
Etter at du har vrengt den syr du igjen det lisje holet enten for hånd eller maskin. Samle dei tre hjørna. No skal du feste med knappenåler "veggane" i pungen, slik at du kan sy dei. No må du og velje kva side som skal være ut, og kva som skal være inn. Eg har brukt å ha det mørkaste stoffet inni, for då får det en fineffekt på utsida når du bretta ned hjørna, men det velje du utifrå kva stoff du vil skal synest best.




Deretter er det berre å sy! Eg har sydd til litt over halvvegen, men bare litt. So bretta du ned hjørna, finn ei fin perle eller knapp som du syr fast på. Dette er for at du skal ha noko å feste snora i.

So langt har eg sydd!

Sånn vil den bli sjåande ut no ovanfrå.

Lukka

Litt opna.
Tre i ei passande snor eller bånd. Eg har brukt ei perle med litt stort hol til å holde snora/båndet på plass, for å stramme og slakke båndet. Det som er so fint med båndet er at når du ikkje syr so langt opp blir opninga litt stor so du kan sjå og ha nedi ting med litt størrelse på, men snora vil likevel lukke pungen godt.

Håpa denne var til noko hjelp for nåken et sted :-)

Sunniva

Lita enkel trekantpung

Lagde en liten pung då eg kom tilbake til Volda. Denne er inspirert av en pung mamma hadde på badet, som er laga av Tante Laila (link til blogg).



Kjempeenkel å lage, og grei å ha til hårstrikk, smykker eller i mitt tilfelle, nupereller ;-)


I tillegg har eg sydd eit forheng til badet, foran sjetneklekorga. Veldig grei måte å skjule rotet på. Stoffa som er brukt har eg fått av ei i husflidslaget, er egentlig dynetrekkprøver, so dei er litt tjukkare enn vanlig stoff :-)

Sømmelig helsing Sunniva

tirsdag 3. februar 2015

Sy vesker

I Jula prøvde eg meg på nåke eg ikkje er spesielt god på, nemlig å sy vesker til oppbevaring. Eg fekk ideen av denne bloggen, som også har ei fin oppskrift! Mamma er kjempeflink på symaskin, med soff og alt innen det der. Og veldig glad for at dattera prøva seg! Eg har mi eiga symaskin som eg har arva etter mamma, men ikkje so mykje utstyr og spennande stoff som mamma har! Oppskrifta gjorde vi litt om på, so den vart litt større. Vi brukte 9" i staden for 6".


Det fyste eg gjorde var selfølgeli å knekke nåla. Skikkelig. So den satt fast i maskina. Og i det metallbrettet under. Skal det gjørast, so blir det no gjort skikkelig i alle fall :-)

Her er bilder av den første eg lagde. Dessverre har eg ikkje av ferdig produkt der.


Har laga to forskjellige vesker, utifrå fargane mottakerane likar. Som dåkke ser er dei ganske forskellige. Den i raudt er det kun ferdige bilder av :-)


No har eg fått både kniv og skjærebrett av mamma, samt ei skikkelig innføring i symaskinas verden, so vi får sjå om eg ikkje klare å sy nåken sånne sjøl til våren :-) Var veldig kjekt, og veldig fort gjort når man kjem inn i det!

Sømmelig hilsen Sunniva