fredag 19. april 2013

Presentasjonen

Heisann, mitt navn er Sunniva. Eg er 21 år og bur i Oslo. Dinne bloggen skal for det meste handle om dei rare ideane eg får til daglig, og utforminga av dei. For det meste strikking, men noko hekling, sying, interiøridear, blomster og ellers det eg kan finne på å dele:-)

Eg har alltid fått inn strikking og hekling med teskje. Eg har 5 tanter som har vore ivrige i min opprdagelse innen handarbeid, i tillegg til ei aktiv mor. Til tross frå alt dette, var det fyrst som vaksen at eg byrja å interessere meg for dette. Nærmare bestemt det siste året. Til gjengjeld har produksjonen vore ganske stor :-)

Grunnen for at eg har dreve lite med handarbeid før var mangelen på tolmod. Eg tykkjar det tok altfor lang tid å gjøre noko ferdig, so det vart bare lagt vekk. Mamma har nok mange UFOar heime ja... Men i alle fall, det byrja å løsne for meg då eg kjøpte Quick Knit frå Panduro.no (Varenr. 02179). Då byrja eg å lage ein del skjerf, både runde og lange.  Noko som fungerte veldig fint, og eg har gitt vekk en del. Mitt største prosjekt noko sinne strikka eg på Quick Knit. Det var teppet under. Teppet er strikka i dobbel vamsegarn frå Rauama, og eg har vel brukt ca 40 nøster.. :-) Til gjengjeld er eg veldig fornøyd med dette teppet, og det varmar godt. For dei som klør er det ikkje å anbefale, men eg kjenner ikkje so mykje etter:-)

Quick Knit er veldig bra for dei som er oppstartfasen då det er tjukk tråd og man ser arbeidet vekse. Då blir man meir gira til å fortsette:-) Anbefalaste barn og ungdom då det er lett å lære.

 Duken som er hekla har eg og laga. Klare dykk å tippe favorittfargen min? Kremt:-)
Her ser dykk nærbilde av Quick Knit sitt arbeid:-)
Oppskrifta på duken fekk eg av ho mor. Eller, det vil seie har eg fekk ein duk eg kunne sjå etter, ogso hekla eg ein lik. Eg har aldri vore spesielt god på oppskrifter, eg er flinkare å sjå på ei ferdig produkt og herme. Spesielt på hekling. Duken skulle vore strukke ut, men dessverre har eg ikkje isopor eller noko eg kan bruke som underlag, så det får vi ta ein anna gong.

Kista som duken ligg på har eg fått av familien. Den har tilhøyrt mange i slekta, og no er den mi! Den passa perfekt ved sida av sofaen min :-) Kista reknar vi med er over 100 år gammal, men vi veit ikkje nøyaktig. Den har vore i familien sitt eige sida 1929 i alle fall.

Sunniva

2 kommentarer:

  1. Hei Sunniva. Gratulerer med blogg. Kjempekjekt å sjå kva du har laga. Teppet var lekkert og den runde duken er bare heilt nydeleg. Eg er imponert:-)Helsing tanta

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk tanta:-) Kjekt at du likte det (spesielt at du vart imponert:-)

      Slett