søndag 10. november 2013

Strikking for hånd uten pinnar!


Joda, du leste rett. Eg oppdaga det då eg var innom ei av strikkegruppene eg er medlem av på facebook. Der og då bestemte eg meg at eg skulle prøve, men eg hadde ikkje so tjukt garn eller tida akkurat då. I går var eg innom Nål og Tråd i Måløy, og der fann eg eit garn eg hadde lyst å prøve. Eg hadde egentlig tenkt å strikke eit skjerf på vanlege pinnar, men då eg fann ut at eg ikkje hadde nmed meg pinnane, fann eg ut at eg skulle prøve å strikke på henda. Garnet eg kjøpte på Nål og Tråd var dette frå Viking Garn.


Videoen eg fann på Youtube og følgde var denne. Den går litt sakte, men den viser godt kva du skal gjøre. Eg la opp med dobbel tråd av Ask og fulgte med.
Fyste omgangen.

Går fort unda!

Baksida

Forsida.

Kveila i hop.
Som dåkke ser blir det veldig laust, sjøl med dobbel tråd. Noko som ikkje er so rart med tanke på at det er pinne 50-ish. Eg stikka fyst eit skjerf der eg brukte to nyste. La opp 10 masker med dobbelt garn og strikka til det var tomt. Det som blir litt annleis når eg strikka med henda er at annakvar omgang blir vridde masker. Man ser det sovidt på bildet over. Dette er fordi eg ikkje har strikka vrangt, berre vridd maskene. Trur ikkje eg skal prøve meg på å strikke vrangt enda, var vanskelig nok å halde tunga rett i munnen som det var. På skjerfet tok av fyste maska på omgangen for å få ein fin kant, men den vart litt laus. So på halsen strikka eg fyste maska og stramma litt, so den vart fastare.
 
2 nøster Ask



Dåkke får unnskylde min ufesta tråd, den er festa no :-)
So hadde eg eitt nyste igjen (eg hadde kjøpt tre) og tenkte å lage ein hals av det. So tenkt, so gjort. Halsen er so lang at den går to gang rundt, og eg lika at dei sitte godt, dei skal jo varme. Veit ikkje heilt om eg skal gje dei vekk i julegave eller behalde dei sjøl, so vi får sjå. Dei er no ferdige, i alle fall ;-)

Tadaaaa!

Håpa eg gav nåken lyst til å prøve handstrikk! 
Hyggelig om du legge igjen en kommentar, eg veit du er der ;-)

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar