torsdag 5. februar 2015

Nupereller

Eg kjem frå ein handarbeidsfamilie, der omtrent alle kvinnelige medlemmer drive med en eller anna form for handarbeid. Likevel er det ikkje mange av oss som slår nupereller. Eg er med i styret i eine husflidslaget i Oslo, og denne teknikken er Raudlista. Eg har lenge hatt lyst å prøve den, men det var først når mamma viste meg ei side på facebook som er skikkelig fin eg vart skikkelig inspirert. På "Kinn foto og smykker" var der mykje fint, og eg vart inspirert til å prøve å lære meg teknikken. So då var vegen kort til Youtube og denne videoen. Eg hadde frå før en nuperelleskyttel som eg har brukt til å hekle med.. *kremt* So når eg kom tilbake til Oslo var det bare å grave den frem frå Strikkekista mi. 


Dei første forsøka var ikkje so vellykka, so du ser. 


Deretter var det ikkje so ille:


Etter at eg fekk kjøpt en skyttel til begynde det å ligne på nåke!


Det gikk jo veldig bra! Alt dette er frå det kurset på youtube som er linka til lengre oppe i innlegget.



So no skal eg snart begynde på den siste videoen i "kurset", so skal eg prøve meg på desse frå Nuperelle.net. Kven er vel eg til å motstå draga? ;-)

Nupereller er jo egentlig berre halvstikk! Etter at eg begynte med det (i forgårs) so har eg begynt å tenkje i knuta. Litt påvirka? Kankje det :-)

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar